Eid vidaregåande skule
Elevar frå Eid vgs på bedriftsbesøk på Amfi Nordfjordeid

Økonomi-elevar på bedriftsbesøk på AMFI Nordfjord

28.september var Økonomistyring på bedriftsbesøk på AMFI. Senterleiar Gro Gjerdevik, tok oss vel imot. Vi fekk informasjon om Olav Thon gruppa, AMFI Nordfjord og korleis senteret vert drifta. 

Olav Thon er Noregs største eigedomsaktør med omtrent 500 eigedomar, både innan kjøpesenter, hotell og næringseigedom. Han er Skandinavias leiande kjøpesenteraktør og har Noregs største børsnoterte eigedomsselskap. AMFI Drift AS er ein del av «Olav Thon Gruppen». 78 av kjøpesentera blir forvalta av AMFI, deriblant AMFI Nordfjord. 

 

Senteret opna i 2005 som Moengården Vest AS, og i 2013 kom AMFI inn som drivar av senteret. AMFI består av to eigendommar, Jysk bygget og AMFI Nordfjord. Sidan 2013 har omsetninga auka frå 120 millionar til 316 millionar i 2017. Frå 2016- 2018 har det kome heile 12 nye butikkar, og det er omtrent 130 tilsette på bygget. 

 

Ei stor takk til Gro Gjerdevik for ei lærerik oppleving og god innføring i senterdrift.  

Tips ein ven Skriv ut