Ofte stilte spørsmål

Kva kan eg gjer dersom eg ikkje har ungdomsrett eller vaksenrett, men ynskjer vidaregåande opplæring?

  • Du har moglegheit til å søkja vidaregåande opplæring for ungdom også utan rett. Du får då lågast prioritet i inntaket, men konkurrerer med andre utan rett om ledige plassar i siste inntaksrunde.
  • Du kan også søkje om vidaregåande opplæring for vaksne, men har ingen garantiar for å få eit opplæringstilbod. Du blir plassert på venteliste og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.
  • Du kan også søkje om realkompetansevurdering. Hugs på at du eller kommunen må betale for dette om du ikkje har rett til vidaregåande opplæring.

Kan eg søkje på ein skule i eit anna fylke?

Dersom du har ungdomsrett

Ja. Du kan velje fylke på www.vigo.no. Hugs at  retten din til vidaregåande opplæring er i fylket du er folkeregistrert i. Dersom du søkjer inntak i andre fylke, vil du bli plassert nedst i prioriteringslista deira. For å vere garantert ein studieplass etter rett, må du ha sendt søknad om studieplass gjennom ww.vigo.no til fylkeskommunen din. Du kan sende fleire søknadar, både til heimfylket ditt og til andre fylke. Desse vil bli behandla separat.

Dersom du har vaksenrett

Nei.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00