www.eid.vgs.no

Odontofobiteamet TOO

Odontofobiteamet TOO ligg under tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. I teamet inngår tannlege, psykolog og tannhelsesekretær.

Teamet skal på oppdrag av Helsedirektoratet vere eit tilrettelagt tannbehandlingstilbod for personar som har blitt utsatt for tortur, overgrep eller som har odontofobi.

Odontofobiteamet TOO har behandling av tannhelserelatert angstliding som si hovudoppgåve, og ikkje sjølve tannbehandlinga.

Dette er først og fremst eit tilbod til dei vaksne innbyggjarane, men det kan også vere aktuelt for mindreårige. Vaksne kan ta kontakt på eige initiativ eller vere direkte tilvist frå tannlege, lege eller psykolog. Barn og unge mellom 10 og 20 skal tilvisast frå sin offentlege tannlege.

Hovudmålet med behandlinga er å trene deg opp til å meistre dei deler av tannbehandlinga som du er redd for slik at du i etterkant kan fortsette tannbehandling hjå vanleg tannlege. Denne hjelpa er kostnadsfri.

Teamet held til i Florø:

Florø Tannklinikk
Hamregata 6, postboks 1064
6901 Florø
Tlf. 57 74 66 80
E-post: odontofobiteam.floro@sfj.no

Dersom du trur at vi kan hjelpe deg, eller har spørsmål om tilbodet, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Odontofobiteamet TOO
Florø Tannklinikk
odontofobiteam.floro@sfj.no
57 74 66 80

Relaterte lenker