Bilde av damer som les bøker.

Nynorskfylket

Nynorskfylket er eit forum for offentlege og private organisasjonar og tiltak i Sogn og Fjordane som arbeider for å fremje bruk av nynorsk på alle område i fylket.

Nynorskfylket har følgjande funksjonar:

  • utveksle informasjon, stimulere til samarbeid og samordne tiltak for felles mål
  • vere ein debattstad, setje dagsorden og styrkje medvitet om det nynorske språket si rolle i samfunnet vårt
  • definere særlege utfordringar og kunnskapsbehov

Etablering av Nynorskfylket er forankra i fylkestingsvedtak i sak 21/12 Nynorsk satsing i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane har ei heilt spesiell rolle som nynorskområde, og språksituasjonen er rimeleg stabil. Samstundes er det òg klåre tendensar til ei negativ utvikling som må motarbeidast om vi ynskjer at nynorsken skal ha ei like sterk rolle i framtida.

Den unike situasjonen nynorsken har i Sogn og Fjordane gjer at språkutviklinga i fylket er viktig for framtida til det nynorske språket. Derfor er den generelle samfunnsutviklinga i fylket også viktig for den nasjonale språksituasjonen.

Nynorskfylket samlar deltakarar som har slagkraft og evnar å «ta pulsen» på nynorsk språk og språkutvikling. Dette gjeld offentlege instansar, media, kulturinstitusjonar, næringsorganisasjonar og arbeidstakarorganisasjonar. Saman representerer deltakarane sentrale og strategisk viktige språkbrukarar i fylket.

Nynorskfylket har ei sjølvstendig rolle som talerøyr for nynorsk språk i Sogn og Fjordane. Deltakarane har eigeninteresse og samfunnsinteresse i å bidra i forumet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingebjørg Erikstad
Ass. Fylkesdirektør
Næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Gunhild Alis Berge Stang
Ordførar i Fjaler kommune
gabs@fjaler.kommune.no
976 53 785

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00