www.eid.vgs.no

Bilete av kaihus på Årdalstangen

Kaihus på Årdalstangen. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune / Arlen Bidne

Kulturminne frå nyare tid

Sogn og Fjordane fylkeskommune jobbar nyare tids kulturminne, det vil seie frå tida etter 1536, gjennom forvaltingsoppgåver, samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og private.

Ein stor del av kulturminna frå nyare tid har ikkje eit juridisk vern. Ein bygning eller eit anlegg kan likevel vere verneverdig og ha stor kulturhistorisk verdi. Av den grunn er det viktig at kommunen, og i nokre tilfelle fylkeskommunen, i samband med plan- og byggesaker vurderer verneverdien av desse bygningane eller anlegga.

Kva som er verneverdige er ikkje alltid like lett å vite. Bygga treng ikkje vere spesielt gamle, også bygningar frå 1950-talet, eller nyare, kan vere verneverdige. Desse kan gjevast eit formelt vern gjennom freding etter Kulturminnelova eller vern gjennom Plan- og bygningslova.

Vedlikehald og istandsetting av eigar er vel så viktig som eit juridisk vern. Eigar sitt arbeid er ofte det beste vernet for ein bygning. Les meir om vedlikehald av bygg og anlegg her. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Knut Ivar Åland
Seniorrådgjevar 
knut.ivar.aland@sfj.no
959 47 117

Relaterte lenker