www.eid.vgs.no

Fotocollage med tre bilete som syner ein syklist som syklar på oppmerka sykkelområde i trafikken, ein el-bil som står på lading og el-ferja Ampere.

Foto syklist og el-bil: Knut Opeide/Statens vegvesen. Foto el-ferje: Statens vegvesen.

Regional plan for klimaomstilling

Arbeidet med å utarbeide ein ny klimaplan for fylket er komme eit steg vidare. Under vegs i arbeidet vil denne nettsida bli oppdatert med aktuelle dokument og informasjon.

17. oktober 2017: Endra framdrift
Framdriftsplanen for Regional plan for klimaomstilling vart endra i fylkestinget 17. oktober 2017 (FT - sak 34/17) . Etter ny framdriftsplan skal planframlegget bli lagt ut til offentleg etter syn i våren 2018, og fylkestinget skal vedta planen i juni 2018.

25. januar 2017: Vedtatt planprogram
I møte i fylkesutvalet, 25. januar, blei planprogrammet for Regional plan for klimaomstilling vedtatt (FU-sak 3/17).

Det overordna målet for planarbeidet er å saman definere kva som skal til for å få til ei klimaomstilling i fylket, og korleis vi best bur oss på dei klimatiske endringane som kan komme.

Planprogrammet presenterer 7 plantema som planen skal fokusere på, og desse er:

  • Energiforsyning og energibruk i bygg
  • Areal og transport
  • Næringsliv og teknologi
  • Klimavenleg landbruk
  • Klimatilpassing
  • Forbruk
  • Klimakunnskap og klimakommunikasjon

I planarbeidet blir det lagt opp til eit skilje mellom ein kunnskapsdel, ein plandel og eit handlingsprogram. Kunnskapsdelen vil vere den delen som blir arbeida med fyrst, for å hente inn eksisterande dokumentasjon, rapportar og forsking som bidreg til å danne eit godt kunnskapsgrunnlag knytt til dei ulike plantema. Med eit godt kunnskapsgrunnlag i botn, vil ein starte på arbeidet med å utarbeid plandelen med tilhøyrande handlingsprogram.

2. november 2016 - 2. januar 2017: Planprogram på høyring
Fylkesutvalet vedtok å legge ut planprogrammet på høyring 2. november, med frist til 2. januar.

Totalt kom det inn 15 fråsegner til planprogrammet. Tilbakemeldingane til høyringsutkastet var hovudsakleg positive, medan nokre foreslo mindre endringar i teksten. Fleire av organisasjonane som kom med høyringsuttalar stilte seg positive til å delta i arbeidet vidare, og ville gjerne bli invitert inn i planrelaterte aktivitetar framover.

Informasjon om høyringsrunden og høyringsdokument finn du her.

16. juni 2016: Vedtatt Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016-2020
Regional planstrategi 2016-2020 har fylkestinget vedteke at det skal utarbeidast ein Regional plan for klimaomstilling.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Relaterte lenker