dq 4egc 7nvf

-

Regional plan for klimaomstilling

Det overordna målet for planen er at vi skal:

Saman få til klimaomstilling i Sogn og Fjordane                   

          Der fylket er:

SMARTARE:

 

kvar einskild tek ansvar, og fylket utviklar fagmiljø, kunnskap og næring.

TRYGGARE:

bygg, busetnad, infrastruktur og samfunn er tilpassa, og har redusert sårbarheit, i møte med klimaet i dag og i framtida. 

GRØNARE:

fylket tek minst sin del av dei nasjonale måla om utsleppsreduksjon.

Planen er tredelt og har ein kunnskapsdel, ein plandel og eit handlingsprogram. I samsvar med planprogrammet og tilråding frå planutvalet, er det prioritert åtte plantema. Vedtak av ny Regional plan for klimaomstilling i Sogn og Fjordane er ein milepæl i arbeidet med å klimaomstille Sogn og Fjordane.

Regional plan for klimaomstilling er den tredje klimaplanen for Sogn og Fjordane. Planen er ei revidering av Fylkesdelplan for klima og miljø 2009, og er eit av dei prioriterte planarbeida i  Regional planstrategi 2016-2020 .Planen er ein av dei dei første regionale planane i landet som set klimaomstilling på dagsorden på denne måten. Målet har vore å forenkle og tydeleggjere dei viktigaste føringane, utan at ambisjonsnivået vert redusert. Intensjonen med revisjonen var at planen skulle munne ut i ein forpliktande klimapolitikk som konkretiserer korleis Sogn og Fjordane kan bli eit føregangsfylke i det grøne skiftet, på vegen mot eit nullutsleppssamfunn.

FN sitt klimapanel har teke til orde for ei ny tenking kring klimaarbeidet, kalla klimaomstilling. Klimaomstilling er ikkje gjort på ein dag, men er ein prosess der ein møter klimautfordringane på ein meir heilskapleg måte. For å nå måla i Paris-avtalen, må vi jobbe breitt og målretta. Til forskjell frå den tradisjonelle tilnærminga til klimaendringane, der vi tilpassar oss endringane, så skal vi no kombinere klimatilpassingstiltak med utsleppsreduksjon på veg til nullutslepp, inkludert ei samfunnsendring på vegen til eit nullutsleppssamfunn. Det er ein krevjande prosess, der samfunnet omstiller seg, samstundes som vekst og utvikling skjer innanfor naturen sine tolegrenser.

Fyrste utdeling av ny klima- og miljøpris vert i desember 2018
Ved vedtak av planen har fylkestinget bestemt at det skal etablerast ein Klima- og miljøpris. Føremålet med prisen er å inspirere og hjelpe fram klima- og miljøarbeidet i fylket. Klima- og miljøprisen skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk. Ein håper prisen kan bli ein prestisjefull og anerkjent pris på same måte som fylket sin kulturpris har vore i mange år.

På fylkeskommunen si nettside er det mogeleg å nominere aktuelle kandidatar. Fristen er 1. november.

2 millionar ekstra til klima- og miljøarbeidet i fylket 
Fylkestinget ynskjer å fremje initiativ til handling for klimaomstilling og berekraftig utvikling av fylket. For å styrke klimaarbeidet rundt om i fylket vert den eksisterande søkeordning for klima og miljø difor styrket med 2 millionar. Ein kan søke midlar til prosjekt og tiltak som støtter opp om målsettingane i regional plan for klimaomstilling.

Neste frist i 2018 er 15. august og 15. oktober, meir informasjon finn du her

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette