Smilande ungdommar som hoppar opp i lufta med hendene i veret

Foto: Sindre Thoresen Lønnes DNT

Ny rapport - Helse, miljø, skule og livsstil i Sogn og Fjordane 2011-2015

Rapporten presenterer viktige resultat frå ungdomsundersøkinga 2015, samt utvikling over tid for utvalde variablar gjennom prosjektet sine tre kartleggingsår: 2011, 2013 og 2015.

Barn og unge er viktige målgrupper for folkehelsearbeidet. Mykje av grunnlaget for livsmestring vert skapt i barne- og ungdomstida. I Regional plan for folkehelse 2015-2025 i Sogn og Fjordane er helsefremjande oppvekstmiljø i heim, barnehage og skule identifisert som eit av fem satsingsområder for folkehelsearbeidet i fylket. Det er derfor av særleg interesse å skaffe seg oversikt over situasjonen for born og ungdom innan helse, miljø, skule og livsstil. Data kan brukast til å samanlikne situasjonen mellom ulike stader og vise utviklinga over tid.

Ungdomsundersøkinga, helse, miljø, skule og livsstil i Sogn og Fjordane med kartlegging i 2011, 2013 og 2015 er eit verdifullt datamateriale til å beskrive situasjonen for barn og unge i fylket.

Ungdomsundersøkinga 2011–2015

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette