Foto av eit fiskeoppdrettsanlegg, sett litt frå avstand.

No kan fiskeoppdrettarar søke om vekst

Oppdrettsnæringa får no tilbod om å vekse. Fristen for å søke er 31. januar 2018.

Nærings- og fiskeridepartementet fastsette 22. desember 2017 ei ny forskrift for å tilby vekst for produksjonskapasitet i norsk lakse- og auretoppdrett i 2018. Oppdrettarar får tilbod om å auke maksimalt tillaten biomasse i løyve med inntil seks prosent mot innbetaling av eit vederlag til staten.

Fristen for å søke auke i produksjon er 31. januar 2018, og søknaden må sendast elektronisk, per faks eller med rekommandert brev. Søknaden skal skrivast på fastsett skjema frå Fiskeridirektoratet, og det skal berre sendast ein søknad per organisasjonsnummer.

Søknadsskjema og meir informasjon om den nye forskrifta finn du på nettsidene til direktoratet.

Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Frode Hovland på e-post frode.hovland@sfj.no eller telefon 959 92 695.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00