Fire menn som står på ein grøn kunstgrasbane i solskinn. Fjell og hus i bakgrunnen. Dei fire er Trond Teigene, Svein Olav Myklebust, Frank Tore Tveit, Tore Dvergsdal.

Foto: Inger Marie Lien/Sparebanken Sogn og Fjordane

No får fylket dei grønaste kunstgrasbanene i landet

Eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, fylkeskommunen og NFF Sogn og Fjordane sikrar at kunstgrasbanene i fylket får naudsynt utstyr til å redusere sitt miljøavtrykk.

Kunstgrasbanar med fyllmasse som renn ut i naturen har fått mange kritiske blikk mot seg den siste tida. Løysinga er å resirkulere fyllmassen, ved å installere filter i alle avløpskummar rundt banane. Bankane vil derfor spleise på kostnaden med innkjøp av slike filter til alle banar i fylket som er eigd eller drivne av idrettslag, slik at Sogn og Fjordane kan få dei grønaste kunstgrasbanane i landet.

Systematisk kartlegging

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane gjort ei grundig kartlegging av behovet for kummar i klubbane. Tiltaket er det fyrste som vert iverksett i oppfølginga av den nyleg vedtekne klimaplanen, Regional plan for klimaomstilling (tiltak 27 i handlingsprogrammet).

No er det opp til klubbane å gjere resten av arbeidet med å få på plass filtera.

–  Vi er veldig fornøgde med å kunne rulle ut dette prosjektet. Vi har jobba systematisk med å få nøyaktige tal på klubbar, eigarforhold og tal kummar, og er det einaste fylket som har laga oss så god oversikt på behovet for granulatfilter, seier Frank Tore Tveit, konsulent i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Svein Olav Myklebust dagleg leiar i fotballkretsen forklarer at mykje av avrenninga skjer om vinteren.

– I samband med vinteropne banar og snøbrøyting forsvinn det store mengder granulat ut av anlegga dersom ein ikkje har innarbeidd gode rutinar for snødeponering og tilbakeføring av granulat til kunstgrasbana når snøen smeltar. Der ein vel å ikkje brøyte, og der det er ein snøfattig vinter, er det langt mindre mengder granulat som forsvinn. Då forsvinn gummigranulat primært ved at det festar seg til sko og strømper, seier Myklebust.

Han fortel at klubbane i desse dagar får eit informasjonsbrev om kva dei må gjere for å få midlar til sine filter.

Eit viktig samfunnsansvar

– Vi har tidlegare investert mykje i kunstgrasbaner i fylket, som også har fått kritikk på grunn av mikroplasten. Då er det ekstra gledeleg å endeleg kunne fortelje at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har blitt med i dette samarbeidet og jobba systematisk for å kunne gi eit best mogleg tilbod til klubbane, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. 

Det er registrert 53 kunstgrasbaneprosjekt i fylket; 49 er oppførte medan 4 er prosjekterte.

–  Og sidan alle desse er finansiert av enten Sparebanken Sogn og Fjordane eller Sparebanken Vest, meinte vi det var naturleg at dette blei samarbeidsprosjekt mellom oss to bankane, seier Teigene.

–  Vi var veldig positive til å vere med på dette. Det er viktig at vi følgjer opp dei tidlegare prosjekta våre, og at bankane tek eit samfunnsansvar inn mot miljøet og bruken av plast i kunstgrasbanane, seier Tore Dvergsdal, regiondirektør i Sparebanken Vest.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven