Frå fylkesting for ungdom, deltakarar og møteleiarar.

Frå fylkesting for ungdom, deltakarar og møteleiarar.

Nettverkssamling for ungdomsråd 2017

2. og 3. desember er det nettverkssamling for ungdomsråd på Skei i Jølster. Ungdomspolitisk utval (UPU) og Sogn og Fjordane fylkeskommune er vertskap for samlinga, som i hovudsak handlar om opplæring for dei som sit i ungdomsråda i kommunane i fylket.


Ungdomspolitisk utval sitt mål med samlinga er å bidra til at kommunane har ungdomsråd som fungerer godt, slik at ungdom i heile fylket vert høyrde. Ved å delta på samlinga vil dei at deltakarane skal lære mykje som dei kan bruke for å bidra til at ungdomsråda i sin kommune skal fungere endå betre.

Årleg samling

Samlinga skal vere på Thon Hotel Jølster og startar laurdag kl. 13.00. Den vert avslutta med lunsj søndag ettermiddag. På programmet står opplæring i fleire former for ungdomsrådsarbeid. Det vert også sosiale aktivitetar slik at medlemane i ungdomsråda fylket over kan verte godt kjende med kvarandre. Det detaljerte programmet vert lagt ut så snart det er klart.

Nettverkssamling for ungdomsråd vert arrangert ein gong i året. UPU og fylkeskommunen arrangerer også fylkesting for ungdom ein gang i året.

Ordensreglar

Nettverkssamlinga er eit rusfritt arrangement. Dette gjeld for alle deltakarar, uavhengig av alder. Deltakarar som bryt kravet om rusfritt arrangement vert sende heim, på eiga rekning. Dersom deltakaren er under 18 år vert føresette varsla av fylkeskommunen, som arrangør av nettverkssamlinga. Alle deltakarane er gjestar på Thon Hotel Jølster, og skal fylgje det reglementet som er der, m.a. med omsyn til nattero og branntryggleik.

Program og påmelding

Påmeldingsfristen er 17. november 2017. Avmelding etter fristen blir fakturert fullt ut.

Samtykkeskjema

Alle deltakarar skal fylle ut samtykke- og informasjonsskjema og sende dette inn til fylkeskommunen i forkant av samlinga. For deltakarar som er under 18 år skal ein føresett også signere på skjemaet. Samtykkeskjemaet kan lastast ned her, vel mellom pdf- word- eller open documentformat:

Kontaktinformasjon

Guro Høyvik
rådgjevar ved nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
415 30 608 (993 65 299)
guro.hoyvik@sfj.no

Ole Martini
Leiar, ungdomspolitisk utval
ungdomspolitiskutval@sfj.no
413 93 028

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven