Nasjonal transportplan

Nasjonal transportplan trekker opp linjene i transportpolitikken. Den inneheld også eit program for investeringar og drift av vedlikehald av statleg infrastruktur.

Nasjonal transportplan presenterer regjeringa sin transportpolitikk. Den legg grunnlaget for heilskapelege politiske vurderingar, effektiv bruk verkemiddel og styrka samspel mellom transportformene.

Det er lagt opp til følgjande fasar i arbeidet:

Utgreiingsfasen

Før ein ny nasjonal transportplan skal utarbeidast, gjennomfører transportetatane (Statens vegvesen, Jernbaneverket og Kystverket) og Avinor ei rekkje utgreiingar. Denne fasen av arbeidet med Nasjonal transportplan er omtalt som utredningsfasen.

Planfasen

I planfasen lager transportetatane og Avinor forslag til Nasjonal transportplan på bakgrunn av retningsliner frå Samferdsledepartementet. Forslaget til Nasjonal transportplan dannar grunnlaget for regjeringa sitt arbeid med Nasjonal transportplan.

Politisk handsaming

Regjeringa legg fram transportpolitikken gjennom melding om Nasjonal transportplan. Meldinga vert lagt fram for Stortinget og dannar grunnlaget for handsaminga i Stortinget.

Gjennomføring etter handsaming i Stortinget – handlingsprogram

Handlingsprogramma er gjennomføringsplanar for Nasjonal transportplan. Avinor og transportetatane utarbeider kvart sitt handlingsprogram for dei fire første åra av planperioden. Handlingsprogramma vert lagt til grunn for dei årlege budsjettforslaga.

Nasjonal transportplan gjeld i ti år, men vert revidert kvart fjerde år.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no