Eid vidaregåande skule
Musikalen i 2018 «Skjønnheten og udyret» med elevar frå Eid vgs

Musikalen «Skjønnheten og udyret» med elevar frå Eid vgs

Denne rørande og vakre musikalen blir spelt i Operahuset Nordfjord 15., 16. og 17.mars 2018. Elevane på Eid vgs under leiing av Michael Pavelich og Candice Bredesen øver no iherdig på alle dei flotte numra til musikalen. 

Musikken er særs vakker og vant Oscar og Golden Globe for beste originalmusikk. Den nydelege «Beauty and the beast»-songen sunge av tekanna Mrs.Potts (Eline Lillestøl), har vunne Oscar, Golden Globe og Grammy.

Historia byggjer på det franske eventyret om Belle (Sunniva Flaten Brekke) «La Belle et la Bête» av Jeanne-Marie de Beaumont. Historia fortel om ein vakker men arrogant prins som blir forvandla til eit udyr (Håkon Bøen) ved ei forbanning. Det einaste som kan redde han er viss nokon kan elske han for den han er som udyr. Dette må skje innan ei viss tid, symbolisert ved ei magisk rose som visnar litt etter litt.

I slottet han bur i er alle folka som arbeider der i ferd med å bli gjenstandar. Dei kan bli seg sjølve igjen viss forbanninga blir broten. Vakre Belle kjem til slottet for å redde faren sin (Andreas Espelund) som blei fanga av udyret. Belle tek faren sin plass i fangenskapen og flyttar inn på slottet. Der treffer ho lysestaken Lumiere (Martha Pavelich), gulvklokka Cogsworth (Alexa Melheim), garderobeskapet La Grande Bouche (Cara Emilie Strand) og den vesle tekoppen Chip (Anna Rand). Belle og udyret forelskar seg. Den sjarmerande landbybuaren Gaston (Jakob Hagen) og kompisen hans LeFou (Olav Berstad) prøver å få faren til Belle på mentalasylet til den slemme Monieur D’arqe (Ingar Hjelle) for å tvinge han til å la Belle gifte seg med Gaston. Den magiske rosa er i ferd med å miste det siste bladet sitt då det går opp for Belle at ho elskar udyret og forbanninga opphevast i grevens tid!

Musikalen består også av mange andre flotte og sjarmerande roller som spelast av Sofie Solheim Eide, Hanna-Talina Nordnes Sørland, Marshalena K. Antony, Ida Bredesen, Maria Lillestøl, Susanne Rønnekleiv,  Ramona Osland, Mattia De Angelis, Solveig Djupegot, Agnes M. Tunem, Sandra Torheim Naustdal og Andrine Karlsen. 

KJØP BILLETT på Operahuset Nordfjord si nettside 

Velkomen til Facebookhendinga vår der du finn fortløpande informasjon, bilete, videoar og nyhende. Vi gler oss ilag til mars 2018.

Tips ein ven Skriv ut