www.eid.vgs.no

MOSAIK-prosjekt logo

Logo: Kristin Gjelsvik

Mosaik

Gjennom MOSAIK-prosjektet har vi utvikla eit kulturtilbod for flyktningeborn og born av asylsøkarar, med fokus på musikkopplæring, sosial kompetanse og kulturell læring.

Prosjektet

Asylsøkar- og flyktningbarn er ei sårbar gruppe, og kan leve under forhold som i verste fall kan ha ein alvorleg øydeleggande påverknad på helse og utvikling (Neumeyer 2006). Fagpersonar og forskarar er einig om at støttande og helsefremjande tiltak bør utviklast og implementerast (Oppedal 2008, Major 2011, Montgomery 2011).

MOSAIK-prosjektet er basert på Fylkessenter for musikkterapi (FSMT) sitt forprosjekt 2009-2010. Skuleåra 2011/2012 og 2012/2013 mottok Førde barneskule, Førde kulturskule og FSMT tilskot frå Utdanningsdirektoratet, Kulturdepartementet, Kulturløftet 2 og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

For mange elevar og lærarar har MOSAIK blitt ein døropnar i høve det å sjå på etnisitet som ein styrke, noko som kan berike og gi oss mykje tilbake. Det har gitt auka forståing for bakgrunnen til mange elevar. 

Vi har satsa på

> Kvalitetsutvikling av kulturtilbod
Vi ville synleggjere korleis kombinasjonen av ulik kompetanse kan betre kvalitet på musikkopplæring for minoritetsgrupper, både i skule og kulturskule. Og vi ville skape eit mangfaldig kulturtilbod som kan dekke behov knytt til utvikling av musikalske ferdigheter, samt ta høgde for sosial og kulturell inkludering og integrasjon.

> Kulturell kompetanse
Gjennom deltaking i musikkgrupper, individuell musikkundervisning og i større musikkarrangement ville vi gje deltakarane innsikt i ulike kulturelle uttrykksformer.

> Mangfaldig kulturtilbod til fleire elevar
Det er få flyktningeborn som deltek i det kommunale kulturtilbodet/kulturskulen. Vi ville finne organisatoriske og økonomiske løysingar for å gjere tilbodet lettare tilgjengeleg. 

Modellen

Grunnmuren i modellen vår er samarbeid mellom skule og kulturskule. MOSAIK er ein arena for musikkopplæring for flyktningeborn, med organisatoriske og økonomiske rammer som gjev kommunar mogelegheit til å både arbeide med psykososiale problemstillingar og kulturkompetanse. I prosjektperioden vart abeidet leia av eit eige styre med ansvar for planlegging, gjennomføring og økonomisk resultat. Styret hadde også fagleg ansvar for innhald og prosess. 


MOSAIK er bygd opp av føljande aktivitetar:

> Musikkterapigrupper
Grupper med elevar frå 2. – 7. klasse frå ulike kulturar, delt opp etter alder. Kvar gruppe fekk ein skuletime i veka, og vart leia av musikkterapeut frå fylkeskommunen og musikklærar frå kulturskulen. Musikkgruppene skal trene på sosialt samspel og kulturforståing/respekt for kvarandre i ein musikalsk kontekst.

> Individuell musikkterapi
Timar med musikkterapeut for elevar er i svært vanskelege livssituasjonar eller med store vanskar med sosial tilpassing. Innhald i timane vart forma ut frå eleven sine ønsker og initiativ.

> Friplassar på kulturskule for flyktning- og asylsøkjarelevar
For elevar med motivasjon og behov for individuelt tilpassa opplæring og utveljinga skjer gjennom gruppetimane på skulen.

> Open kulturkafe
For alle elevane ved skulen med foreldre. Asylmottaket i Førde vart særskild invitert.

> Kor - fellesøving med alle elevane  
Elevane var samla til fellestimar frå januar – juni for å øve inn fellessongar.

> Konsert /produksjon med bidrag frå alle nivå ovanfor
Forestillingar på storscena i kulturhuset Førdehuset med plass til 550 personar, med lyd og lys. Leigd inn musikarar frå Førde kulturskule og leia av kunstnerisk/ musikalsk leiar.

For alle

Gjennom musikalske verktøy skal MOSAIK gjere kulturen tilgjengeleg for alle, fremme integrasjon og kulturell og sosial kunnskap hjå elevane. Prosjektet etablerte nye samarbeidskonstellasjonar, og ny kompetanse på feltet vart nytta. I MOSAIK arbeider vi på tre nivå: individuelt, gruppe og store grupper.

Kulturdeltaking og det å utfolde seg i musikk er ein rett alle barn har. Skulen er ein unik arena for å møte born med innvandrarbakgrunn og deira familie, ein arena for integrering i lokalsamfunn. Her møter ein alle, og kommunen kan vektleggje møte med menneske og lokal tilknyting gjennom å sjå einskildmenneske, deira bakgrunn og ressursar, arbeide bevisst med samspel og relasjonskompetanse og motivere til å delta i gruppe utanfor skuletid.

Det at lærar på skulen, musikklærarar frå kulturskulen og musikkterapeut samarbeidar på ulike måtar, er ei relevant tilnærming for denne elevgruppa. Musikkterapeuten kan med sin terapikompetanse lette utfordringar elevar lev med. Kulturskulelærarar kan bidra med spesifikk musikalsk kompetanse, individuelt og i gruppe. Lærarane har oversyn over den enkelte elev

Kvardagen og prosessen

Kvardagane er viktige. Det er bra å ha t.d. ein konsert å jobbe mot, men det er i kvardagen og i prosessen mot produktet at kunnskap og haldningar blir skapt. Musikkterapeut arbeider saman med musikkpedagog og pedagog med kvar sine spesifikke kompetanseområde. Brei fagkompetanse er avgjerande når målsetjinga for arbeidet er individuelle behov, inkludering og deltaking for alle. Trygge rammer er avgjerande for elevane, for å skape, vere kreativ og uttrykkje seg.

For å arbeide på denne måten med kultur må skulen vere bevisst, open og støtte prosessane i skulekvardagen. Verdigrunnlaget må vere felles, og vere forankra på skulen. Ressursar til praktisk-estetiske fag kan vere nedprioritert på ulike skular. Samstundes krev desse faga høg kompetanse for god undervisning. Rammene er ofte annleis i desse faga, det er friare struktur for at einskildindividet skal få utvikle seg. Når store kunst- og kulturprosjekt vert satt i gang, må skulen ha tenkt gjennom ressursbruk, prosess og målsetjing.  

Musikkterapi

Å bruke musikkterapeut i skuledagen for denne målgruppa er relativt nytt. I skulekvardagen kan musikkterapeuten ta utgangspunkt i andre ressursar ved elevane, arbeide med psykososiale utfordringar og/eller vere ei støtte i vanskelege livssituasjonar. Musikkterapeuten kan fungere som eit bindeledd mellom elev og skule/kulturskule, og som ein oppfylgingsressurs for dei som har kulturskuleplass. 

Musikkterapeuten sin kompetanse er lett å foreine med lærarkompetansen og musikkpedagog-kompetansen. Musikkterapi kan vere eit tilbod i skulen der elevar kan få tidleg hjelp; vere førebyggande for barn i sårbare livssituasjonar. I og med at musikken er det viktigste verkemiddelet, vert prosessen også ressursfokusert, kreativ og ei svært positiv oppleving i kvardagen for elevane.

«Desse elevane har i utgangspunktet med seg ein annan kultur. Dei møter noko nytt og framandt i den norske kulturen. Vi ser at mange av elevane har ei sterkt synkande trivselskurve etter at dei har vore i landet ei tid. Det kan vere mykje vondt og vanskeleg som dei prøver å legge bak seg, men på same tid opplever dei sakn av det som var bra der dei kom frå. Dei utviklar ein «bindestreks»-identitet, t.d norsk-afghansk eller norsk-somalisk. Deira ståstad er todelt, dei veks opp i spenningsfeltet mellom to kulturelle miljø – eit norsk miljø og eit innvandrarmiljø, på skule og heime. Forsking syner - og vi har sett - at desse elevane ofte får vanskar sosialt og emosjonelt, vanskar for å bli forstått og akseptert, både i skulemiljøet og i familien. Gjennom musikkterapi og med musikk som det universelle språket har vi og sett at dei kan uttrykke og kommunisere på friare grunnlag og utan risiko. «Eg tenker at det er kjekt. Eg er glad», slik ei somalisk jente uttrykte det.» 
Frå evalueringa til Per Ståle Grytås, ansvarleg for morsmålsopplæringa ved Førde barneskule.

Finn meir informasjon om MOSAIK-prosjektet i rapporten frå 2011 – 2012.

PHD-prosjekt

Data frå MOSAIK-prosjektet er grunnlag for doktorgradsarbeidet til Kaja Elise Enge ved Høgskulen i Volda, avdeling for kulturfag. Phd-prosjektet tek for seg musikkterapi i skulekontekst for asyl- og flyktningborn, og har som mål å gje innsyn i kva for moglegheiter samfunnsmusikkterapi har som eit helsefremjande tiltak i skulekvardagen til asylsøker- og flyktningborn.

Phd-prosjektet vil belyse kva meining og betydning MOSAIK-prosjektet har for deltakarane, og skape ei forståing av korleis bruk av musikkaktivitet og musikkterapi kan vere ei støtte i kvardag og utvikling for asyl- og flyktningborn.

Kaja_Elise_Aaslid_Enge_2014.jpg
Foto: Kaja Elise Enge. Fotograf: Høgskulen i Volda. 

Sjå intervju frå MOSAIK-prosjektet: 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jorunn Bakke Nydal
Musikkterapeut
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Relaterte lenker