Foto av to unge gutar som sit og jobbar konsentrert ved ein pc. Dei har namnelappar det står Andreas og Severin på. Den eine har svart lue, den andre briller.

Foto: OLF/Norsk olje og gass/www.flickr.com

Minoritetsspråkleg

Du som minoritetsspråkleg representerer ein stor og viktig ressurs. Elever kjem frå mange ulike land, med unik kunnskap og ulike erfaringar som vi ynskjer at fleire skal få ta del i. Ikkje minst gjeld dette lærarar og elevar i den vidaregåande skulen, men også skuleverket og lokalsamfunnet.

Presentasjon av skulesystemet i Noreg.

Har du eit anna morsmål enn norsk, og lurer på kva moglegheiter du har for vidaregåande opplæring?

  • Først må du finne ut om du har rett som ungdom eller rett som vaksen.
  • Så må du bestemme deg kva type opplæring og yrke du ynskjer.
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune anbefaler at du har nådd eit B1-nivå i norsk før du startar i vidaregåande opplæring.
  • Det er viktig at du ikkje søkjer på vidaregåande opplæring for tidleg. Du bør kjenne til krava og forventningane som vert stilte til deg i vidaregåande opplæring. Dersom du har lite erfaring frå det norske skulesystemet, anbefaler vi at du diskuterer planane dine med ein rådgjevar på skulen, i flyktningtenesta eller NAV. Om du er over 19 år, kan du også bestille time for karriererettleiing på www.karrieresfj.no.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00