www.eid.vgs.no

Miljøvenleg transport

Det fins miljøvenlege alternativ innan transport, og teknologien utviklar seg raskt. Fylkekommunen ynskjer å legge til rette for at det vert enklare å velje miljøvennlege løysingar, også når det gjeld transport.

Det er eit stort potensiale for å redusere klimagassutsleppa innan transport, der ein overgang frå fossilt drivstoff til elektrisistet, hydrogen eller hybriddrift vert viktige bidrag.

ENOVA gir støtte til hurtigladestasjonar for elbil gjennom programutlysingar på strekningspakkar i transportkorridorar i Nasjonal transportplan. Sogn og Fjordane fylkeskommune jobbar no med å analysere situasjonen i fylket og lage ein fylkeskommunal strategi for støtte til etablering av nye hurtigladestasjonar. Å få elektrifisert transportsektoren er eit viktig grep for å bli eit nullutsleppssamfunn.

Fylkeskommunen ser på korleis vi skal få til ei omstilling til fossilfri økonomi på lang sikt, og kva tiltak som verkar på kort sikt.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Relaterte lenker