www.eid.vgs.no

Miljøsertifisering

For å stimulere til berekraftig utvikling er det oppretta ei tilskotsordning som skal stimulere både reiselivsbedrifter og andre små og mellomstore bedrifter til å bli miljøsertifiserte.

Tilskotsordning for miljøsertifisering

I Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010-2025 er det eit hovudmål å få eit meir berekraftig reiseliv i fylket, og Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025 peikar på miljøansvar som ein viktig premiss for berekraftig utvikling av næringslivet. For å stimulere til ei slik utvikling er det oppretta ei tilskotsordning som skal stimulere både reiselivsbedrifter og andre små og mellomstore bedrifter til å bli miljøsertifiserte.

Bedriftene kan søkja om tilskot på inntil 50 prosent av sertifiseringskostnadane, og maksimalt 20 000 kroner.

I mange bedrifter finn ein eit stort unytta potensiale for miljøtiltak innanfor ulike områder som energiforbruk, papirbruk, avfallsortering, transport og liknande. Ved å miljøsertifisere verksemda kan ein samstundes som ein sparer miljøet, også spare pengar. Ei miljøsertifisering gjev omverda tryggleik for at bedrifta tek miljøansvaret på alvor og arbeider for å betre seg innanfor dette området. Kva sertifiseringsordning den enkelte verksemda vel er avhengig av kva type bedrift/verksemd det er, og kva ein ynskjer å oppnå.

Kriterier for miljøsertifiseringsordninga

  • Ein kan berre få tilskot til sjølve sertifiseringsprosessen – kjøp av konsulenttenester, medlemsskap i sertifiseringsordningar og liknande. Midlane kan ikkje nytast til konkrete utbetringstiltak for å nå krava til miljøsertifisering.
  • Tilskotsordninga er retta mot små og mellomstore bedrifter /verksemder i næringslivet. Offentlege verksemder kan ikkje søke om støtte gjennom denne ordninga.
  • Miljøsertifiseringsordningar som gir grunnlag for støtte er:
    • Miljøfyrtårn
    • Svanemerket
    • ISO 14001
    • EMAS
    • Debios Ø-merke for økologiske produkt
    • EUs offisielle miljømerke (Ecolabel)
    • Andre ordningar kan også bli vurderte ved førespurnad
  • Bedrifta må søkje om tilskot før ein startar opp med miljøsertifiseringa.
  • Ved tildeling av tilskot kan heile beløpet bli utbetalt etter at bedrifta har sendt inn oppstartsmelding. Bedrifta må i etterkant av sertifiseringa oversende sertifikat/ rapport på godkjent og dokumentert sertifisering til fylkeskomunen. Dersom dette ikkje vert sendt inn, kan fylkeskommunen be om at midlane vert betalte tilbake.

Søknadsskjema

Søknad må sendast inn elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no. Skjemaet inneheld obligatoriske felt som alle skal fyllast ut.

Søknadsfrist

Vi tek i mot søknadar heile året.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Tekniske spørsmål

Stig Vattekar
Rådgjevar
stig.vattekar@sfj.no
971 89 995

Relaterte lenker