to elevar viser fram bossposane sine

Foto: medie- og informasjonskunnskap1

Mediaklassen ryddar opp!

Sidan eine halvdelen av medieklassen ved Eid vidaregåande skule, skulle ha matematikk-undervisning, kunne den andre halvdelen av klassen (2STA) nytte høvet til å bidra til «Heile Noreg ryddar»-aksjonen til NRK. Alt skulle sjølvsagt dokumenterast, med tekst og bilde som del av undervisninga.

Etter å ha henta boss-sekkar hos Eid kommune, delte elevane seg i fire grupper, og rydda søppel rundt Eid vidaregåande skule/operahuset, opp mot Nordfjord sjukehus, langs gangvegen ved E39 og skulevegen. 
Etter den intense rydde-dugnaden kunne mediagjengen konstatere at dei hadde fått inn 7 sekkar med søppel. Etter avtale med vaktmeisteren blir alt levert i bosscontaineren ved Eid vidaregåande skule. 
Nokre av kommentarane etter innsamlinga: 
-          Det er tankevekkande å sjå kor mykje som blir kasta rundt oss i naturen. Og så er det kjekt å sjå at så mange er med å ryddar, seier Faiza Abdi. 
-          Man kan ikkje kan ta alt, men alle kan ta litt, er eit fint slagord. Det er kjekt å kunne bidra litt seier Malin Holmøyvik..
-          Det var mykje reinare enn eg trudde det var, det var så mange som hadde gått å plukka allereie. Vi måtte verkeleg grave og jobbe etter det vi faktisk fekk med oss, som låg fast innunder hekkar og steinar, seier Thomas Osdal. 
-          Eg vart eigentleg ikkje så overraska. Litt morosamt å finne flasker med innhald inne i hekken, seier Tiril Båtevik. 
-          Eg fann to paraplyar, eg skjønar eigentleg ikkje korleis det er muleg å legge igjen ein så stor paraply. Kanskje har den blåst vekk, seier Sara Haugland. 
-          Det var veldig mykje unødvendig søppel som låg i naturen. Det øydelegg både for oss og for dyra i naturen, seier Håkon Høydal. 
-          Det er trist at folk ikkje plukkar opp etter seg, kanskje dette kan vere med til å auke bevisstheita til folk, seier Nikolai Brandal. 
 
Skriven av medieelevane ved Eid vidaregåande skule, 2 STA. 
Faiza Abdi, Tiril Båtevik, Sara Haugland, Thomas Osdal, Håkon Høydal, Andreas Hellenes, Malin Holmøyvik og Nikolai Brandal.
Tips ein ven Skriv ut