www.eid.vgs.no

Mat og ernæring

Mat og ernæring

Fylkeskommunen si oppgåve er å legge til rette for at det skal vere enkelt å gjere sunne val.

Samansettinga av kosthaldet påverkar risikoen for ei rekke av de store folkesjukdommane som diabetes, hjerte- og karlidingar og nokre kreftformer. Eit godt kosthald og god og ernæringsrik mat er viktig for alle. Det er også viktig å tenkje på verdien av sjølve måltidet, både sosialt og ernæringsmessig. Nasjonale kostråd er eit godt verktøy for å kunne gjere dei rette vala. I kvardagen er det ikkje alltid like enkelt, men små grep kan vera ein god start.

Tannhelsetenesta og opplæringsavdelinga er ansvarleg for gjennomføringa av viktige tiltak i høve til ernæring.

Nasjonale retningsliner

Dei nasjonale retningslinene for måltid, mat og drikke er eit godt verktøy for korleis mattilbodet i barnehagen bør vere når det gjeld mat som ein lagar i barnehagen og den maten som ungane har med seg i matboksen. Eit godt kosthald i barnehagane våre gir ungane eit viktig grunnlag for leik og læring og bidreg til å etablere gode matvanar. Sunn mat medverkar også til vekst og utvikling som har mykje å seie for god helse gjennom livsløpet.

Ernæringsarbeidet rettar seg fyrst og fremst mot barn og unge, men også eldre og innvandrarar er viktige målgrupper.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Gry Tokvam
Folkehelserådgjevar
Gry.Tokvam@sfj.no

Relaterte lenker