www.eid.vgs.no

Marint verdiskapingsfond

Marint verdiskapingsfond har midlar som primært skal nyttast til delfinansiering av utviklingsprosjekt som skal legge til rette for ei meir berekraftig utvikling av akvakulturnæringa i fylket. Sekundært kan fondet vurdere tiltak som kan auke marin verdiskaping.

Fondet vart oppretta i 2010 og er finansiert av midlar som vart overførte frå staten i samband med konsesjonstildelinga for nye løyve til akvakultur i 2009. Fondet var i utgangspunktet på 11 millionar kroner. Etter siste tildeling i 2014, har fondet ein restkapital på i overkant av 3 millionar kroner.

Kven kan søke?

Kommunar, næringsaktørar, lag- og næringsorganisasjonar eller andre instansar (med org. nr.) i tett i samarbeid med næringsaktørar. Utviklingsprosjektet må ha forankring i relevante problemstillingar for oppdrettsbransjen i fylket.

Krav om geografisk forankring i fylket

Tiltak og prosjekt som får støtte skal ha ei klar forankring i Sogn og Fjordane, og bidra til ei berekraftig forvalting og/eller auka lokal verdiskaping.

Finansiering

Tilskot frå Marint verdiskapingsfond skal som hovudregel maksimalt utgjere 50 prosent av det samla kapitalbehovet for prosjektet.Både eigeninnsats og kapital må synleggjerast som eigenfinansiering.

Søknadsfrist er 22. september 2017.

Det skal søkjast gjennom regionalforvaltning.no. I tillegg bør det leggast ved ein fullstendig prosjektplan (døme: Prosjektleiarprosessen) med god skildring av målbare mål, framdrift og venta resultat. Ufullstendige søknadar vert returnert.

Her kan du lese vedtektene for marint verdiskapingsfond i Sogn og Fjordane.

Kriteria for vurdering av søknadar.

Har du spørsmål ta gjerne kontakt med oss

Lena Søderholm
Fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Elisabeth Aune
Seniorrådgjevar
elisabeth.aune@sfj.no
952 76 339

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lena Søderholm
Fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Elisabeth Aune
Seniorrådgjevar
elisabeth.aune@sfj.no
952 76 339

Relaterte lenker