www.eid.vgs.no

logo for lokale kulturminneplanar

Lokale kulturminneplanar

Lokale kulturminneplanar skal styrke lokale kulturminneverdiar. Kommunane forvaltar kulturhistoriske verdiar som kan bidra til å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn. Sogn og Fjordane fylkeskommune hjelper kommunane i arbeidet med å utvikle lokale kulturminneplanar.

Skrive ein kommunal kulturminneplan?

Er din kommune på jakt etter informasjon om korleis ein kulturminneplan skal vere? Riksantikvaren har ei side med informasjon og ressursar for kommunar som jobbar med dette: Kulturminne i kommunen (KIK). De kan også ta kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommunen for rettleiing.

Status

Sju kommunar i fylket har ferdigstilt sine kulturminneplanar. Fleire planar er rett rundt hjørnet og mange kommunar jobbar for å ferdigstille planane i 2017. Her er ei oversikt per september 2017: 

<_CP_SCRIPTTAG>!function(e,t,s,i){var n="InfogramEmbeds",o=e.getElementsByTagName("script"),d=o[0],r=/^http:/.test(e.location)?"http:":"https:";if(/^\/{2}/.test(i)&&(i=r+i),window[n]&&window[n].initialized)window[n].process&&window[n].process();else if(!e.getElementById(s)){var a=e.createElement("script");a.async=1,a.id=s,a.src=i,d.parentNode.insertBefore(a,d)}}(document,0,"infogram-async","https://e.infogram.com/js/dist/embed-loader-min.js");

Les meir om prosjektet Lokale kulturminneplanar (2012-2015) og om kulturminneplanarbeidet i kommunane i Sogn og Fjordane i dokumentet "Lokale kulturminneplanar 2012-2015".

Fullførte kulturminneplanar

Kommunestyret i Stryn vedtok kommunedelplan for kulturminne med handlingsprogram og plankart 20.06.2017. Kommunedelplanen er bygd på temavalet Mitt Kulturminne.

Kulturminneplanen til Balestrand kommune vart vedteken i kommunestyret den 30.03.2017. Last ned det endelege plandokumentet. 

Kommunestyret i Eid vedtok i møte 26. januar 2017 Kommunedelplan for kulturarv 2017-2029. Les meir og last ned plandokumentet på Eid kommune si heimeside. 

Kommunestyret i Hornindal vedtok i møte 30.06.2016 Tematisk kommunedelplan for Kulturminne Kulturminne – Kulturmiljø 2016-2019. Planen har fått tittelen «Frå bru til bru – vegen gjennom Hornindal. Frå generasjon til generasjon – vegen gjennom kulturhistoria». Planen om informasjon om denne finn ein på Hornindal kommune si heimeside.

Kommunestyret i Høyanger vedtok i møte 25.02.2016 Lokal kulturminneplan/strategiplan for 2016-2019. Som vedlegg til kulturminneplanen har dei laga eit historisk bakgrunnsdokument. Begge dokumenta finn ein på Høyanger kommune si heimeside.  

På Sogndal kommune si heimeside finn ein informasjon om freda bygningar,  kulturminner regulert til bevaring, gamle ferdselsårer, bautasteinar, listeførde kyrkjer, kulturminneplankart og kulturminneplanen frå 2013.

Flora kommune har ikkje laga ein eigen plan for kulturminne, men har med forvalting av kulturminne som ein del av kommuneplanen sin samfunnsdel. Dei har også ein eigen handlingsplan for kulturminne som ligg som vedlegg til kommuneplanen sin arealdel

Kontaktpersonar i kommunane

Prosjektet Lokale kulturminneplanar

Fylkeskommunen sitt mål med prosjektet «Lokale kulturminneplanar» (2012-2015) var at alle kommunane i Sogn og Fjordane gjennom ein kulturminneplan skulle få eit verktøy for den lokale kulturminneforvaltinga. Les meir om bakgrunnen for og gjennomføringa av prosjektet frå 2012 til 2015 i dokumentet som er lagt ved. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Moberg
Fylkeskonservator
eva.moberg@sfj.no
905 91 452

Relaterte lenker