www.eid.vgs.no

Foto av dei som deltok på oppstartsmøtet for eit klimaprosjekt mellom kommunane, fylkeskommunen og Vestlandsforsking i mars 2017. Det er 14 personar som er oppstilte på rekke.

Desse deltok på oppstartsmøtet for forskingsprosjektet Samhandling for grønt skifte. F.v Synnøve Stalheim (plansjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune) Trine Alme (Gloppen kommune), Solfrid Trå (Jølster kommune), Jan Roy Dalheim (Årdal kommune), Kaia Moen (Flora kommune), Ørjan Stubhaug (Naustdal kommune), Ida-Beate Mølmesdal (klimakoordinator Sogn og Fjordane fylkeskommune), Carlo Aall (Vestlandsforsking), Eline Orheim (Fylkesmannen), Beate O. Kronberg (Gloppen kommune), Lisbeth Lervik Helset (Stryn kommune), Idun Husabø (Vestlandsforsking), Elin Leikanger (Eid kommune) og Geirmund Dvergsdal (Stryn kommune).

Lokale klimaanalyser

Den mest omfattande delen av prosjektet "Samhandling for Grønt Skifte" er å gjennomføre regionale klimaanalyser, med den regionale analysen som kunnskapsgrunnlag og utgangspunkt.

Tal kommunar som deltek i prosjektet er no oppe i 10, og desse er Eid, Årdal, Gloppen, Stryn, Førde, Jølster, Naustdal, Gaular, Flora og Hyllestad. Det er gledeleg at så mange deltek, og vel å kople dette prosjektet opp mot eige planarbeid.

OPPSTARTSMØTER:

Det vert gjennomført oppstartsmøter ute i deltakarkommunane. Her vi de finne meir informasjon frå desse møta, inkludert presentasjonane frå prosjektet. Dagsorden for oppstartsmøta har vore noko likt på alle møta, men det er opna opp for lokale tilpassingar.

Vestlandsforsking:

  • Bakgrunn og framdriftsplanen i prosjektet
  • Presentere tanken bak og strukturen i den regionale sårbarheitsanalysa
  • Gjennomgang av direkte og indirekte sårbarheit for klimaendringar.

Kommunen:

  • Kva skil det nye planarbediet frå eksisterande planar i kommunen?
  • Kva forvetningar har kommunen til deltaking i prosjektet?
  • Framdrift for planarbeidet i kommunen.

Vidare arbeid:

  • Tematisk avgrensing i det vidare prosjektengasjementet frå kommunen
  • Avklare framdriftsplan mellom prosjektet og kommunen sitt planarbeid
  • Avklare "heimelekse" til neste prosjektsamling

Felles klimaplan i SiS:

19. april blei det fyrste oppstartmøtet ute i kommunane gjennomført. Carlo Aall og Kyrre Groven frå Vestlandsforsking møtte representantane frå SiS-kommunane på rådhuset i Førde. Klimakoorinator Ida-Beate Mølmesdal deltok på møtet via video.  Presentasjonen frå Vestlandsforsking finn de her.

Eid kommune:

Torfinn Myklebust-fotoFoto: Torfinn Myklebust

Carlo Aall frå Vestlandsforsking og klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal, deltok 26.april på møte med ulike representantar frå Eid kommune. Det blei lagt opp til ein grundig gjennomgang av prosjektet og den regionale sårbarheitsanalysa. Presentasjonen frå Vestlandsforsking finn de her

Hyllestad kommune:

9. mai deltok klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal, og Mie Pind Dahl på fyrste møte med Hyllestad kommune, saman med Carlo Aall og Idun A.Husabø frå Vestlandsforsking. Hyllestad kommune koplar arbeidet opp mot arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen, og meldte seg på prosjektet etter oppstartsmøtet på Skei. Det var særs kjekt å få med enno ein kommune i prosjektet, og dette oppstartsmøtet inkludertet ein meir detaljert gjennomgang av prosjektet og arbeidet som er gjort så langt. Presentasjonen frå møtet finn de her.

Hyllestad

Gloppen kommune:

10. mai reiste Carlo Aall frå Vestlandsforsking og assisterande fylkesmiljøvernsjef, Eline Orheim, til Gloppen kommune for å gjennomføre fyrste møte med kommunen. Deltakarane i styringsgruppa for prosjektet har fått høve til å delta på alle samlingar knytt til prosjektet, og denne gongen var det Fylkesmannen som deltok for å få meir innblikk i det praktiske arbeidet kring prosjektet. Presentasjonen frå møtet finn du her.

Årdal kommune:

16. mai deltok Carlo Aall og Idun A.Husabø frå Vestlandsforsking, og Gunn Tove Nyheim (Fylkesmannen) på oppstartsmøte med Årdal kommune. Presentasjonen frå møtet finn du her.

Stryn kommune:

​29. mai blei siste oppstartmøtet gjennomført i Stryn kommune. Det var Kyrre Groven som gjennomførte presentasjonen i Stryn, medan klimakoordinator, Ida-Beate Mølmesdal, deltok på møtet via video. Presentasjonen frå møtet finn du her.

Samarblogo.PNG

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231