www.eid.vgs.no

Kajakk i Nærøyfjorden. Foto: Knut Henning Grepstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Levevanar

Mange kroniske sjukdomar er i stor grad eit resultat av levevanar over tid. Levevanar er ikkje berre eit resultat av personlege val, men er avhengig av miljø og levekår.

Kosthald, fysisk aktivitet, tobakksvanar, og bruk av alkohol og andre rusmidlar er avgjerande for helsa vår. Enkeltindividet har sjølv eit ansvar for å leve på ein måte som ikkje skadar helsa, men samfunnet må formast slik at det på alle arenaer er lett å gjere dei rette vala. Dei viktigaste arenaene er barnehagen, skulen og arbeidslivet. I tillegg er arenaer der folk møtast på fritida viktige.

Bu- og nærmiljøa må også planleggast og leggast til rette slik at dei fremjar ein aktiv og sunn livstil. Fysiske kvalitetar i bu- og nærmiljøa er også viktig for trivsel og tryggleik, og dermed graden av fysisk aktivitet og sosial deltaking. Gode sosiale miljø i barnehagar, på skuler og arbeidsplasser, og eit fleksibelt arbeidsliv, er også viktig i førebygginga av psykiske helseproblem.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378