Foto av taxi-skilt. Skiltet er blått og festa til ein stolpe. Det står skrive taxi med kvit skrift på det, og det er ei kvit råme rundt ordet. I bakgrunnen ser vi grøne tre.

Foto: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons

Ledig drosjeløyve i Vågsøy

Det er eit ledig drosjeløyve ved Måløy Taxisentral AS. Fristen for å søkje om løyvet er 20. oktober 2017.

Løyvet gjeld for personbil med inntil ni sete, og den som får løyvet må sikre seg tilgang til pasienttransport for å få eit drivverdig drosjeløyve.

Det vert stilt kvalifikasjonskrav og vilkår for løyvet i medhald til yrkestransportlova med forskrifter. Det er taksameterplikt og uniformsplikt for alle løyvehavarar.

Du finn søknadsskjema for å søkje om drosjeløyve her. Søknadsfristen er 20. oktober 2017.

Skjemaet sender du til

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

Dersom du lurer på noko, ta kontakt på telefon 57 63 80 00.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no