www.eid.vgs.no

Lærekandidat

Lærekandidatordninga er ein planlagd grunnkompetanse der lærekandidaten får opplæring i utvalde delar av læreplanen.

Opplæringa skjer i ei godkjend lærebedrift. Her får lærekandidaten opplæring i deler av læreplanen ut frå evner, føresetnader og ynskje om kva opplæringa skal føre fram til. Målet er at lærekandidaten skal få så høg kompetanse som mogleg og verte best mogleg kvalifisert for arbeidslivet.

Sidan lærekandidatordninga er eit individuelt tilpassa løp, er det viktig at løpet vert planlagt tidleg. Løpet krev tett oppfølgjing av den enkelte elev/lærekandidat, både i skule og i bedrift.

Du som lærekandidat skal vere aktiv og engasjert i opplæringa. Det følgjer både rettar og plikter med eit læreforhold.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til lærekandidatordninga er 1. februar kvart år. Søknad skal sendast via vigo.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Sissel Brusegård
Rådgjevar
sissel.brusegard@sfj.no
405 24 464

Relaterte lenker

Eksterne lenker