Lærebedrift

Vi har mange bedrifter i Sogn og Fjordane som gir opplæring til lærlingar og lærekandidatar. Å vera lærebedrift er ei lønsam investering. Som lærebedrift får du god og motivert arbeidskraft og ein unik sjanse til å rekruttere dine framtidige fagarbeidarar.

Ei lærebedrift er godkjent for å tilsetje lærlingar og lærekandidatar. For å bli godkjend i eit lærefag må bedrifta gje opplæring i vg3 læreplanen for faget.

Lærebedrifta må ha ein fagleg leiar som er ansvarleg for opplæringa. Fagleg leiar må ha fagkompetanse i det faget bedrifta er godkjend i.

For å bli godkjend lærebedrift må bedrifta søke på søknadsskjema for å bli lærebedrift. Utfylt skjema skal sendast til fylkeskommunen saman med attestar som dokumenterer fagleg leiar sin kompetanse i faget.

merket-bedrifter-med-laerling.png

Sogn og Fjordane fylkeskommune er lærebedrift og tar inn lærlingar. Meir om merkeordning for lærebedrifter finn du hos Utdanningsdirektoratet.

Lærebedrifta må

  • laga plan for opplæring med utgangspunkt i læreplanen for faget

  • gjera seg kjend med opplæringslova som omhandlar opplæring i bedrift

  • ha eit godt arbeids- og læremiljø

  • ha system for planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa

  • vurdere lærlingen/lærekandidaten kontinuerleg

  • melda lærling/lærekandidat opp til fag- eller sveineprøve ved slutten av læretida

Opplæringskontor

Eit opplæringskontor er eit formelt samarbeid der fleire godkjende lærebedrifter samarbeider om opplæringa av lærlingar/lærekandidatar. Det er både bransjevise og tverrfaglege opplæringskontor. Kvar bedrift som er medlem av opplæringskontor skal godkjennast av fylkeskommunen.

Lærebedrifter

Tilskot til bedrifter som tek inn lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar med spesielle behov.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00

Dokument