Skute ligg ved trekai i kystsamfunn.

Foto: Rolf M. Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kystplan på høyring

Fylkesutvalet vedtok 22. juni å legge planprogrammet til Strategisk plan for kysten 2017 – 2025 ut på høyring. Høyringsfrist er 15. september.

Ein strategisk plan for kysten er ein av dei nye planane som står som prioritert planarbeid i perioden 2016 – 2020 i den nye regionale planstrategien vedtatt 15. juni.

Med bakgrunn i den regionale planstrategien vidarefører fylkeskommunen no arbeidet med planen, og utarbeiding av eit planprogram er første formelle grep i arbeidet. Målet er å gjere planarbeidet ferdig innan utgangen av 2017.

I arbeidet med regional planstrategi har det vore viktig å sikre forankring inn mot kystkommunane, slik at dei einskilde kommunane forankrar kystplanen inn i eigne planstrategiar.  Den regionale kystplanen vil gje overordna føringar for anna planarbeid.

Høyringsutkast - Planprogram – strategisk plan for kysten 2017 -2025

Sakspapir frå møte i fylkesutvalet 22. juni 2016

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette