www.eid.vgs.no

uvqhf 2s 7jj

Kystpilegrimsleia

Dagens reiseliv etterspør ei spissa reiselivsatsing, der aktivitetar, historie, kunst og kultur står i fokus. Reiselivsaktørar ønskjer fleire unike opplevingar, og her er muligheitene langs Kystpilegrimsleia store. 

Ei samanhengande reiserute langs kysten

Kystpilegrimsleia har potensial til å bli eit stort trekkplaster både for reiselivet og for lokale brukarar. Leia har eit breitt spekter å spele på, og vil kunne gi dei reisande heilt unike kultur- og naturopplevingar med spennande aktivitetar på ulike nivå, og med vekt på både friluftsliv og folkehelse.

Målsetjinga er å etablere Kystpilegrimsleia som ei samanhengande reiserute langs kysten – ei Pilegrimslei (St. Olavsvegane til Nidaros) og europeisk kulturveg med utgangspunkt i kulturminne og heilagstader. Kystpilegrimsleia kan på den måten bli ein integrert del av det nasjonale pilegrimsarbeidet. 

Prosjektsamarbeid frå Rogaland til Sør-Trøndelag

Fylkeskommunane langs kysten frå Rogaland til Sør-Trøndelag, har saman med bispedømmekontora starta arbeidet med å få etablert pilegrimsleia langs kysten, «Prosjekt Kystpilegrimsleia». Fylkeskommunane, saman med Riksantikvaren, står for den økonomiske finansieringa av prosjektet, kyrkja deltek med kompetanse og menneskelege ressursar. «Prosjekt Kystpilegrimsleia», starta 1. mai 2014.

Historisk pilegrimsrute

Kystpilegrimsleia langs Norskekysten var ein av dei viktigaste og kanskje mest brukte pilegrimsrutene til Nidaros, og er nemnt i skriftkjelder allereie på slutten av 1000-talet. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta her – anten for å reise heile vegen til Nidaros eller for å besøke mange av dei lokale pilegrimsmåla.

Valfartsstaden Nidaros er omtalt i historiske kjelder allereie i 1075, i Adam av Bremen sitt «Bremens Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum». Her er også dei ulike pilegrimsrutene til Nidaros nemnt, mellom anna Kystpilegrimsleia: «Viss ein seglar frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark, kjem ein i løpet av ein dag over til Viken, som er ein by i Noreg (truleg Oslo). Derfrå held ein til venstre og seglar langs Noregs kyst, og på den femte dagen når ein fram til byen Trondheim."

Sjøvegen utgjorde såleis, ifølgje Adam av Bremen, den viktigaste og mest brukte ferdselsåra til Nidaros.  

Meir informasjon:

  • Adam av Bremen. Beretningen om Hamburgs stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden. Fra latin, med innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen. 1993, Oslo.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Moberg
Fylkeskonservator
eva.moberg@sfj.no
905 91 452