www.eid.vgs.no

Kva saker skal sendast fylkeskommunen?

Fylkeskommunen har ansvar for å vurdere og gje fråsegn til tiltak som vedkjem automatisk freda kulturminne, freda bygningar/bygningsmiljø og kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av regional og nasjonal verdi.

Her er ei oversikt over saker som skal sendast fylkeskommunen.

Plan- og bygningslova

  • Kommuneplanar, kommunedelplanar, områdereguleringsplanar og detaljreguleringsplanar: Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planforslag, samt vedteken plan.
  • Konsekvensutgreiingar: Planprogram, melding med forslag til utgreiingsprogram, fastsett utgreiingsprogram og sjølve konsekvensutgreiinga.
  • Dispensasjonssøknader i saker knytt til Plan- og bygningslova. 

Jordlova, energilova, vassdragslova

  • Søknader om nydyrkingstiltak (forskrift om nydyrking).
  • Søknader om skogsvegbygging.
  • Søknader om kraftutbygging (vindkraft, vasskraftverk, kraftlinjer, trafostasjonar).
  • Søknader om fiberutbygging.

Kulturminnelova

Automatisk freda kulturminne

  • Byggesaker og andre tiltak som gjeld automatisk freda kulturminne, det vil seie arkeologiske kulturminne eldre enn 1537, og /eller der det er potensiale for ytterlegare funn  (kml § 4).
  • Deling av gunneigedomar i LNF-område i samband med nybygging.
  • Førespurnader om registrering av automatisk freda kulturminne.
  • Skjøtselsplanar og tilretteleggingsprosjekt for automatisk freda kulturminne.
  • Arealplanar, tiltak og inngrep i sjø og vassdrag må avklarast med tanke på kulturminne i og under vatn.

Freda og listeførte bygg, samt andre byggverk, anlegg og område av nasjonal eller regional verdi

  • Tiltak på vedtaksfreda kulturminne og kulturmiljø (kml §§ 15, 19, 20).
  • Tiltak på forskriftsfreda byggverk og anlegg (kml § 22 a) som ikkje lenger er i statens eige. Tiltak på forskriftsfreda kulturminne i statens eige skal handsamast av Riksantikvaren.
  • Byggesaker og andre tiltak som gjeld automatisk freda ståande byggverk frå perioden 1537-1650 (kml § 4). Med unntak av kyrjer eldre enn 1650. Dei sakene skal handsamast av Riksantikvaren.
  • Søknad og vedtak om riving eller vesentleg endring av ikkje freda byggverk eller anlegg oppført før 1850 (kml § 25 Meldeplikt for offentlige organer).
  • Tiltak på statens listeførte bygningar og kulturminne prioritert i sektorvise landsverneplanar som ikkje er i statens eige. Medrekna er prestegarder og fyr, sjølv om dei er i statens eige. Tiltak på andre kulturminne i statens eige vert handsama av Riksantikvaren.
  • Tiltak innafor område av nasjonal og/eller regional verdi som er regulert til spesialområde bevaring eller omsynssone i medhald av Plan- og bygningslova (§ 25.6. i gammal lov og § 12-6 i ny lov). Under dette er tiltak på eksisterande byggverk og anlegg av nasjonal eller regional verdi, samt søknader og meldingar om nye bygg og andre tiltak innafor området.

Kyrkegarder og kyrkjene sine omgjevnader

  • Arealplanar og tiltak knytt til mellomalderkyrkjegardar. Stillast til Riksantikvaren, men skal sendast til fylkeskommunen (rundskriv T-3/2000).
  • Arealplanar og tiltak knytt til kyrkjegardar og gravminne (rundskriv T-3/2000).
  • Arealplanar og tiltak i kyrkja sine omgjevnader (rundskriv T-3/2000).
  • Tiltak på listeførte kyrkjer bygd etter 1850 (rundskriv T-3/2000).
  • Alle bygningar nærare enn 60 meter frå listeførte kyrkjer oppført etter 1850, som ligg utafor tettbygde område. Sjå Kirkesøk og  Askeladden for meir informasjon. 

Kulturmiljø og landskap

  • Søknader meldingar om tiltak innanfor kulturmiljø og kulturlandskap som er vurdert å vere av nasjonal og/eller regional verdi. Døme på dette er nye driftsbygningar, masseuttak og andre større tiltak i landbruket som er unnateke plankrav i medhald av Plan- og bygningslova. 
  • Arealplanar og tiltak innan landskapsvernområde og naturreservat verna etter Naturvernlova, for å avklare tilhøvet til automatisk freda kulturminne, andre kulturminne og kulturlandskap. 

Saker som kan sendast fylkeskommunen

  • Tiltak som vedkjem SEFRAK-registrerte bygningar oppført etter 1850 som kommunen ser kan ha kulturhistorisk interesse ut over lokal verdi. Her bør kommunen gjere først gjere ei vurdering, men ved tvil kan fylkeskommunen kontaktast, jf. Plan- og bygningslova §31-1. 
  • Tiltak som riving eller vesentleg endring av ikkje freda byggverk, bygningsmiljø og andre faste kulturminne frå 1900-tallet som ikkje er SEFRAK-registrert, men som er godt bevart eller typisk for si tid, og som kommunen ser kan ha kulturhistorisk interesse ut over lokal verdi. Kommunen bør gjere ei vurdering først, men kan ved tvil kontakte fylkeskommunen.
  • Bygge- og rivesaker på bygningar som i kommunale kulturminneplanar er vurdert til å vere av høg verneverdi.
  • Tiltak i omgjevnadane til freda bygningar. 

Saker som ikkje skal sendast til fylkeskommunen

  • Førespurnader frå private utbyggarar og grunneigarar i samband med rullering av arealdelen i kommuneplanen. Slike førespurnader skal gå til kommunen.
  • Førespurnader frå eigedomsmeklarar, seljarar og kjøparar om planstatus og vernestatus i samband med kjøp og sal av eigedomar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Moberg
Fylkeskonservator
eva.moberg@sfj.no
905 91 452

Relaterte lenker