www.eid.vgs.no

Statuene av Berthe og Hansine, laga av Ingun Dahlin. To kvinner med kryssa armar som ser ut i horisonten. Foto: Birthe Johanne Finstad

Kunstnarstipend

Sogn og Fjordane fylkeskommune har to stipendordningar for kunstnarar: stipend for unge kunstnarar i etableringsfasen og arbeidsstipend for kunstnarar. Søknadsfristen er 01.03.17.

Søknadskjema

Elektronisk søknadskjema: Kunstnarstipend 

Søknadsfristen er 01.03.17.

Stipend for unge kunstnarar i etableringsfasen

Målet er å støtte unge profesjonelle kunstnarar som er busett i eller i ferd med å etablerer seg i Sogn og Fjordane. 

For skjema i papirform, ta kontakt med nærings- og kulturavdelinga. 

Kven kan søkje?

Profesjonelle kunstnarar under 35 år innan alle uttrykk som er busett i Sogn og Fjordane eller som skal etablere seg i Sogn og Fjordane i stipendperioden. Kunstnarar under utdanning kan ikkje søkje.

Det er krav om kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse.

Kunstnarar som mottar Statens kunstnarstipend eller Statens garanterte minsteinntekt i den aktuelle perioden kan ikkje søkje kunstnarstipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Stipendet kan søkjast av enkeltpersonar.

Arbeidsstipend for kunstnarar

Målet er å gje skapande og utøvande kunstnarar høve til å utvikle sine kunstnariske uttrykk eller eksperimentere med nye uttrykk. 

Kven kan søkje?

Profesjonelle kunstnarar innan alle kunstuttrykk og sjangrar som bur og har sitt virke i Sogn og Fjordane. Kunstnarar under utdanning kan ikkje søkje.

Kunstnarar som mottar Statens kunstnarstipend eller Statens garanterte minsteinntekt i den aktuelle perioden kan ikkje søkje kunstnarstipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Om ein har fått stipend gjennom ordninga skal det gå minst tre år før ein vil bli vurdert for eventuelt nytt stipend.

Stipendet kan søkjast av enkeltpersonar eller grupper.

Retningsliner

Last ned alle retningslinene (pdf)

Krav til søknaden

Saman med utfylt søknadsskjema skal det leggast ved:  

  • CV som gjev oversikt over utdanning, stipend og yrkesverksemd.
  • Datert oversikt over kunstnarisk verksemd dei siste fem åra (utstillinga, konsertar, turnear, kunstprosjekt etc.).
  • Prosjektplan for bruk av stipendet i stipendperioden, inkludert budsjett.

Søknadsfristen er 01.03.17. 

Søknadsskjemaet vert lagt ut rundt 01.02.17. Har du spørmål kan du kontakte Eva Kristin Svidal: eva.kristin.svidal@sfj.no/911 69 693. 

Søknadsbehandling

Fylkesdirektør for næring og kultur nemner opp to fagjuryar som har rådgjevande funksjon overfor fylkesdirektøren som gjer endeleg vedtak. Juryane har ei funksjonstid på to år.

Samanslutningar innanfor dei ulike kunstuttrykka vert bedt om å sende inn framlegg til kandidatar til juryane.

Det vert oppnemnt fagjuryar for

  • visuell kunst
  • tverrfagleg (musikk, scenekunst, litteratur, film)

Ved vurdering av søknaden vert det lagt vekt på kunstnarisk aktivitet og kvalitet, og på søkaren sin plan for bruk av stipendet.

Fylkesdirektør for næring og kultur gjer vedtak om tildeling etter tilråding frå fagjury.

Utbetaling av stipend og rapportering

Stipendet vert betalt ut når vedtak om tildeling er gjort.

Det skal sendast ein rapport for bruken av stipendet innan tre månader etter at stipendperioden er ferdig. Rapporten skal syne korleis stipendet er nytta og kva resultat mottakaren har oppnådd i perioden.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Kristin Svidal
Rådgjevar
eva.kristin.svidal@sfj.no
911 69 693

Relaterte lenker