Logo: Lokale kulturminneplanar

Kulturminnesatsing i kommunane

Fylkeskommunen vidarefører satsinga på lokale kulturminneplanar. Ny prosjektleiar er tilsett i eitt år frå 15. august 2016. I denne perioden skal kommunane få hjelp til å kome i mål med sine kulturminneplanar.

Kompetanseheving i kommunane

Prosjektet «Lokale kulturminneplanar» er fylkeskommunen si satsing på kompetanseheving innan kulturminneforvaltning i kommunane, og ei direkte oppfølging av Riksantikvaren sitt kompetanseløft. Kommunane forvaltar store kulturhistoriske verdiar og desse kan bidra til å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn. Med ein kulturminneplan kan kommunane prioritere, engasjere og motivere til handling samtidig som dei får eit godt verktøy for forvaltnings- og planarbeidet.

Ny prosjektleiar

Portrettfoto Sigrun EspeSigrun Espe har jobba med digital kulturformidling i fylkeskommunen sidan 2012. Frå august 2016 skal ho leie fylkeskommunen si satsing på kulturminneplanar.

- Den første vi skal gjere er å kartlegge kvar i prosessen dei ulike kommunane er og kva dei treng for å kome i mål med sine kulturminneplanar, seier Espe.

Den første prosjektperioden var frå 2012 til 2015. Etter denne treårsperioden hadde alle kommunane i Sogn og Fjordane fatta vedtak om at dei skulle lage ein kulturminneplan.

- Ein del kommunar, som til dømes Høyanger og Hornindal, er i mål med sine planar. Andre er i startgropa, seier Espe. Utfordringa no er å finne metodar og verktøy som passar dei ulike kommunane.

Lokal forankring

Kommunane definerer sjølve prosessen og innhaldet i planen, og får råd og rettleiing både frå fylkeskommunen og frå Riksantikvaren undervegs. Det er kommunane som står for gjennomføringa fram til ferdig plan, men mange vel å trekkje inn skular, museum, bibliotek, frivillige, sogelag eller andre i arbeidet. Ved å engasjere frivillige får kulturminneplanen ei sterkare lokal forankring.

Les meir om satsinga på www.sfj.no/lokale-kulturminneplanar

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven