www.eid.vgs.no

Samisk artist, Mari Boine, framfører sang for publikum på Gulatinget - grunnlovsjubileet 2014. Foto: David Zadig

Foto: David Zadig

Kulturinstitusjonar

Som regional utviklar samarbeider Sogn og Fjordane fylkeskommune med kulturinstitusjonane i fylket.  

Vi ønskjer å bidra til at institusjonane heile tida utviklar tilbodet til publikum slik at innbyggjarane i Sogn og Fjordane får oppleve eit profesjonelt tilbod av kultur med god kvalitet i eige fylke. Fylkeskommunen støttar institusjonane med driftstilskot og har styringsdialog gjennom styrerepresentasjon og gjennom årlege tilskotsbrev.

Dei største samarbeidspartane er: 

Førdefestivalen

Førdefestivalen er den største festivalen for akustisk tradisjonell musikk og verdsmusikk i Skandinavia. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag og mellom Europas beste festivalar. 

I tillegg til festivalarrangementet i byrjinga av juli arrangerer dei seminar og konsertar heile året, mellom anna FolkJazz-scena og Bornas verdsdagar.  

Festivalen vart arrangert for første gong i 1990, og om lag 6000 musikarar frå heile verda har hatt stått på scena i Førde i løpet av dei åra festivalen har eksistert. 

Førdefestivalen er ei stifting og Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førde kommune, frivillige organisasjonar og næringslivet er stiftingsmedlemer.

Les meir om Førdefestivalen her.

Norsk Countrytreff

Norsk Countrytreff er ein årleg countryfestival på Breim i Gloppen. Den går av stabelen i juli kvart år. Norsk Countrytreff har som mål å presentere country til alle aldersgrupper.

Festvalen vart arrangert for første gong i 1995. Norsk Countrytreff har vakse seg til å bli eitt av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane, og det største arrangementet på Vestlandet innan sin sjanger. Norsk Countrytreff har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste.

Norsk Countrytreff er ei privat stifting og vart etablert av Breimsbygda Idrettslag, Byrkjelo Ungdomslag, Breim Bygdeungdomslag, A/L Breimshallen, Breim Countryklubb, Stiftinga Norsk Fjordhestgard, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les meir om Norsk Countrytreff her.

Sogn og Fjordane Teater

Sogn og Fjordane Teater (SoFt) er regionteateret i Sogn og Fjordane. Administrasjon, scene og verkstadar ligg i Førdehuset, men teateret turnerer i heile fylket med alle framsyningane. Det er eigd av Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Teateret har nynorsk som scenespråk og har dei siste åra satsa sterkt på ny, norsk dramatikk med historier frå regionen.

Visjonen til SoFt er å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før, tufta på verdiane engasjert, modig og inkluderande. Dei vil gjere visjonen verkeleg ved å spele nye stykke med historier som både kan underhalde og utfordre publikum.

Les meir om Sogn og Fjordane teater her.

Opera Nordfjord

Stiftinga Opera Nordfjord vart skipa i 1998 og held til i Operahuset på Nordfjordeid. Dei er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnear i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda vidaregåandeskule. Dei har arrangert workshops for operasongarar og –studentar, sett opp skulemusikalar og hatt gjestespel i Operaen i Oslo.

Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for framvekst og suksess. Operaen skal skape eit levande og inkluderande operamiljø i Nordfjord og omliggande distrikt

Les meir om Opera Nordfjord her. 

Musea i Sogn og Fjordane

Musea i Sogn og Fjordane er viktige institusjonar i fylket; både for eigne innbyggarar og tilreisande. Gjennom aktivitetar og tilbod skal musea formidle kunnskap og gi opplevingar som gjer brukarane kjende med og stolte av historia vår.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF) vart skipa i 2009 og er det konsoliderte museet for Sogn og Fjordane. Hovudoppgåvene er samlingsforvaltning, forsking og formidling.

Les meir om musea i Sogn og Fjordane her.
Musea har 6 hovudavdelingar;

Samlingane til Musea i Sogn og Fjordane er delvis digitalisert. Det betyr at du no kan hente opplysningar om kring 11500 gjenstandar i samlingane deira på digitaltmuseum.no

Gulatinget 

Gulatinget er ei av dei eldste og største lagtinga i Norden, truleg skipa i Gulen av kong Harald Hårfagre (konge ca. 872–932). Vikingane kom hit for å møte kongen, drøfte politiske spørsmål, vedta lover og dømme i saker. Gulatinget var samla frå 900-1300 e.Kr. 

Ved 2000-årsskiftet fekk det historiske Gulatinget status som tusenårsstad for fylket.

Sogn og Fjordane fylkeskommune forvaltar saman med Gulen kommune, tusenårsstaden Gulatinget som arnestad for demokratiet. Gulatingsarven er heilt sentral i norsk historie og er av politisk, rettshistorisk, forsvarshistorisk og kulturhistorisk verdi. 

Dokumentet Strategi for utvikling av Gulatinget 2016-2020 skisserer Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gulen kommune sine visjonar og hovudmål for Tusenårsstaden Gulatinget. Det er også ein samarbeidsavtale mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gulen kommune.

Det er etablert eit nasjonalt tingstadnettverk med dei fire regionale tinga - Gulatinget, Frostatinget, Eidsivatinget og Borgartinget.  Det er også etablert eit internasjonalt tingstadnettverk. 

Les meir om Gulatinget her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingebjørg Erikstad
Kontakperson for Gulatinget
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Sissel Lillebø Aarseth
Kontakperson for institusjonane
sissel.lillebo.aarseth@sfj.no
911 52 030

Eva Moberg
Kontakperson for musea
eva.moberg@sfj.no
905 91 452

Relaterte lenker