www.eid.vgs.no

Kulturfestival for utviklingshemma

Fritidsarenaen er ein viktig arena for utprøving, meistring, sjølvbilete og venskap. Kultur- og fritidsaktiviteter fyller mange roller som til dømes rekreasjon, avslapping og sosiale møtestader. Gjennom kultur og fritidsaktiviteter kan ein leve ut viktige sider av seg sjølv. Fritid kan vere avkopling, men for mange personer med utviklingshemming blir fritida og ein  arena for trening på ulike ferdigheter. I kulturelle aktivitetar kan det vere rom for å vere seg sjølv.

Likeverdig fritid

Kulturlova frå 2007 har som føremål å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk. Stortingsmelding nr. 45 frå 2013 slår fast at utviklingshemma skal ha likeverdige kultur og fritidstilboda.

Verkstadar for alle

Festivalen går over tre dagar og er bygd opp rundt ulike verkstader. Verkstadene er delt opp i ulike tema som teater, band, musikalsk samspel, hip hop, folkedans, maling. Desse er igjen delt inn i ulike funksjonsnivå. Deltakarane er med på den same verkstaden heile helga. Dei arbeider aktivt og er deltakande. Siste festivaldag set ein saman arbeidet i verkstadane til ei framsyning.

Sidan starten av festivalen har ein hatt som mål å sjå den einskilde og skape arena som trygg til å utfalde seg. Difor er verkstadane viktig for deltakrane. Du tilhøyrer ei gruppe heile helga, som jobbar kontinuerleg for å skape tryggleik og sjå den einskilde. 

Røynde instruktørar

Kvar verkstad har instruktørar med utdanning og lang erfaring frå arbeid med kultur og utviklingshemma. Musikkterapeutar leiar dei fleste gruppene. Samstundes deltek musikkterapistudentar frå  Universitet i Bergen som medhjelparar. Festivalen er lokalisert til hotell med gode fasilitetar. Dette er viktig. Saman med mat, felles konsertar, gallamiddag og opptog i gatene er det ein festival med svært mange gode kvalitetar og høg kompetanse for å tilretteleggje kultur for utviklingshemma.

Filmar frå festivalen 2016

Olsenbanden innslag: https://vimeo.com/alfvidar/review/158877163/e605b1e6e0  (lang versjon frå NRK). 

Abcense crew: https://vimeo.com/alfvidar/review/158975919/a105b6c0a3 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jorunn Bakke Nydal
Musikkterapeut
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Relaterte lenker