www.eid.vgs.no

Viking ungdomshus i Førde kommune.

Viking ungdomshus i Førde kommune. Foto: Huset i bygda.

Kulturbygg

Tilskot frå den desentralisert ordninga for tilskot til kulturbygg skal bidra til egna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Søknadar om tilskot frå ordninga skal sendast inn elektronisk og via kommunen der lokalet ligg. Ta kontakt med din kommune for informasjon om den lokale søknadsfristen. 

Justerte retningsliner for ordninga vart vedteke av hovudutval for næring og kultur i møte 25.10.2016, sak 87/16.

Dokument

Søknadsskjema

  • Søknadar sendast elektronisk via www.idrettsanlegg.no, følg lenka ovanfor. 
    Logg inn i søknadsskjemaet og hak av for «kulturbygg» i fane nummer to i søknaden.

Søknadsfrist

Kommunane skal overføre søknadar frå sin kommune til Sogn og Fjordane fylkeskommune innan 30. april kvart år. Kommunane bestemmer sine eigne søknadsfristar.

Løyvingar

Andre tilskotsordningar

Også i 2017 får dei lagseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Sogn og Fjordane ungdomslag v/ Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og  Sogn og Fjordane fylkeskommune går saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.

Sparebankstiftinga har ein eigen søknadsfrist for lokale kulturbygg til 15. april, for søknadar om bygningsmessige tiltak. Du kan finne meir informasjon om dette på Sparebankstiftinga sine nettsider. For alle andre søknader er fristen 1. mars som vanleg. Dei tre aktørane vil samordne søknadsfristane og handsaminga av søknadane.

Les meir om samarbeidet.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Guro Høyvik
Rådgjevar
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Relaterte lenker