vkkfqncmrk

Foto: David Zadig (cc-by-sa)

Kultur og helse

Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore langt framme i arbeidet med kultur og helse i fleire tiår. Vi arbeider med korleis kultur verkar helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande. 

Kultur og helse i Sogn og Fjordane

Forsking viser at kulturopplevingar gjev oss menneske ei oppleving av samanheng og gjer oss betre rusta til å møte utfordringar både fysisk, psykisk og sosialt. Kultur er ein ressurs innanfor helse, og vil vere med og gje heilskap og innhald i behandling.

Fylkeskommunen arbeider med nettverk, kurs og konferanser for auka kompetanse om samanhengen mellom kultur og helse. Vi tilbyr rettleiing og er med i ulike prosjekt. Fylkeskommunen vil arbeide tett med utdanning, forsking og praksis for å vere med på å utvikle arbeidet. 

Kultur og eldre

Fylkeskommunen arbeider for at eldre og pensjonistar skal få kulturopplevingar der dei oppheld seg, anten det er på institusjon, bueiningar eller heime. Det kan vere musikk, teater og anna underhaldning.

Målsetnader for fylkeskommunen:

  • Å vere ein medhjelpar til å søke midlar i «Den kulturelle spaserstokken» og andre tilskotsordningar.
  • Å ivareta retten til kulturopplevingar for alle.
  • Å vere ein fagleg utviklingsaktør gjennom å skape nye prosjekt, byggje nettverk og initiere forsking.
  • Å gje omsorgssektoren i fylket høve til fagleg utvikling.
  • Å sette i gang tverrfaglege kompetansehevande tiltak som kurs, rettleiing og undervisning.

Nettverket miljøbehandling i eldreomsorga

Nettverket er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenste i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet. Målgruppa er tilsette i pleie- og omsorgssektoren og kultursektoren. Nettverket starta i 2012, og fram til 2014 gav det ei innføring i ulike innfallsvinklar på miljøbehandling gjennom forelesing, konkret metodikk og erfaringsutveksling. Nettverket held fram med to samlingar i året.

Det er skrive ein rapport om om nettverket som  gjev utfyllande informasjon om aktivitet, evaluering og vurderingar. Her kan du laste ned rapporten: "Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga i Sogn og Fjordane 2012 - 2014".

Tilbod og aktivitetar

Samarbeid med nettverket miljøbehandling i eldreomsorga gjer det mogleg å samordne fleire tilbod og aktivitetar overfor kommunane. Nokre døme er: 

  • "LEV VEL: kultur og eldre" i Flora kommune. 
  • ABC musikkbasert miljøbehandling. 
  • Velferdsteknologi - aktivitet og sosial kontakt. 

Ved spørsmål om arbeidet med kultur og helse, ta kontakt med Jorunn Bakke Nydal: jorunn.bakke.nydal@sfj.no/913 44 734

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00