pfpemp 7cf 5

Foto: David Zadig (cc-by-sa)

Kultur for alle

Kultur har ein unik eigenverdi. Den kan utfordre, reflektere og kommentere. Vi utvidar vår forståing av oss sjølv og det samfunnet vi lever i. Fylkeskommunen har som mål å gjere kultur tilgjengeleg for alle, og i tillegg klare å sjå samanhengen mellom kultur og helse.

Kultur for å meistre kvardagen

Kultur som aktivitet og som uttrykk for identitet er sentral for både individ og samfunn. Kultur kan gje den enkelte overskot og energi til å meistre kvardagen. Ulike kulturelle aktivitetar kan bidra til etablering av nye relasjonar, til sterkare intergrering og sosiale nettverk. Ein viktig dimensjon ved kultur er at individet vert knytt til små og store identitets- og meiningsfellesskap som vert etablerte og endra gjennom menneskeleg handling og samhandling. Helsegevinsten ved sosial og kulturell deltaking er uklar, men samanlikna med det motsette, sosial isolasjon, framstår den som sjølvsagt.

Fylkeskommunen sitt arbeid

Gjennom utviklings- og prosjektarbeid jobbar vi for at alle skal kunne ta del i ulike aktivitetar og kulturopplevingar. Dette inneber satsing på betre tilgjenge, integrering og betre samhandling mellom kultur- og helsesektor. Det gjeld heimebuande og eldre i omsorgsbustad, utviklingshemma og menneske med nedsett funksjon, samt asylsøkjarar og dei som har fått opphaldsløyve.

På desse sidene kan du lese meir om arbeidet vi gjer: 

Ved spørsmål til desse oppgåvene og tenesten, ta kontakt med rådgjevar og musikkterapaut Jorunn Bakke Nydal: jorunn.bakke.nydal@sfj.no/913 44 734. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jorunn Bakke Nydal
Rådgjevar og musikkterapeut
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00