www.eid.vgs.no

Tre personar spelar trompet i sola.

Foto: David Zadig

Folkehelsemidlar

Tilskot vert gitt til prosjekt og tiltak innan levekår- og livskvalitetsområdet (folkehelse) som har allmenn interesse og verknad for heile eller ein større del av fylket. Målet med tilskotsordninga er å fremje eit aktivt og allsidig livskvalitetsarbeid i fylket. Søknadsfristen er 1. mars kvart år. 

Kven kan søkje?

Alle som driv med livskvalitets- (folkehelse)arbeid som har allmenn interesse, kan søkje. 

Kva kan få tilskot?

Prosjekt og tiltak innan levekårs- og livskvalitetsarbeidet.

Krav til prosjekt:

  • Skal vere ei målretta og tidsavgrensa arbeidsoppgåve.
  • Det skal ligge føre prosjektplanar med klare mål, tiltak, ei tydeleg organisering, ansvar og økonomi.

Krav til tiltak:

  • Skal vere eit enkelståande arrangement eller -aktivitet.
  • Det skal ligge føre finansieringsplan og skildring av arrangementet/aktiviteten.

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema: Tilskot til prosjekt og tiltak

Søknadsfristen er 1. mars. For skjema i papirformat, ta kontakt med nærings- og kulturavdelinga. 

Søknadsbehandling

  • Stønad vert gitt etter konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle, innanfor dei til ei kvar tid gjeldande satsingsområde.
  • Søknaden vert handsama av fylkesdirektør for næring og kultur.
  • Søkjarane får melding så snart vedtak er gjort.
  • Fylkeskommunen skal grunngi kvar tildeling på ein tydeleg måte. 

Vilkår

  • Tilskot vert gitt i ein avgrensa periode, maksimum 3 år.
  • Løyving vert gitt årleg, og det skal søkjast og rapporterast årleg.
  • Fylkeskommunen yter ikkje tilskot utover 1/3 av samla kostnad, og tiltaka må vere fullfinansierte.
  • Det vert lagt vekt på at tiltak som får tilskot, har ei kommunal eller lokal forankring.
  • Tilskot vert gitt til prosjekt og tiltak som er i tråd med målsettingane innan levekår- og livskvalitetsområdet frå Regional plan for folkehelse (2015-2025).
  • Rapport for bruken av midlane må vere innsendt før utbetaling kan skje. Rapporteringsfrist er 1. november.
  • Ved tilskot på 100 000 kroner eller meir skal det leverast revidert rekneskapsrapport.
  • Søkjar vert oppmoda om å opplyse i skriv og annonser at fylkeskommunen støttar tiltaket.
  • Arrangørar som mottek økonomisk støtte må akseptere følgjekortordninga.

Klage

Vedtak kan klagast på etter Forvaltningslova kap. VI.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman Spesialrådgjevar anne-lene.norman@sfj.no 415 30 378

Relaterte lenker