Kriseorganisasjon

Den faste krisestaben i fylkeskommunen kjem saman om ei hending er av slik karakter og slikt omfang at det normale apparatet ikkje er i stand til å handtere situasjonen tilfredstillande. Fylkeskommunen har ein eigen plan for arbeidet i kriser. Kriseorganisasjonen og opplegget for varsling ligg her. 

1 Mål for kriseorganisasjonen

Målet med kriseleiing i Sogn og Fjordane fylkeskommune er å planlegge, organisere, sette i verk og følgje opp aktivitetar som er nødvendige for å handtere uønska hendingar. 

Kriseplanar i fylkeskommunen skal:

  • Hindre at ein faresituasjon utviklar seg til ein ulykkessituasjon
  • Redusere skadeverknadene av ein oppstått ulykkessituasjon
  • Sikre normalisering av den daglege drifta så raskt som mogleg.

2 Kriseorganisasjon

2.1 Organisasjonsstruktur

Krisehandtering er eit linjeansvar. Oppgåvene skal løysast på lågast moglege nivå i organisasjonen og så nær hendinga som mogleg. Dei fleste uønska hendingane/krisene er av eit slikt omfang at dei truleg kan handterast på institusjons-/skulenivå. For å handtere kriser av noko større omfang er det organisert ei eiga kriseleiing på øvste nivå i fylkeskommunen.

Den øvste kriseleiinga i fylkeskommunen er organisert slik:

  • Overordna leiing: 
    • Fylkesrådmannen utøver den overordna leiing.
    • Fylkesrådmannen gjer vedtak om iverksetting av kriseleiinga og gjev nødvendige fullmakter. Dersom fylkesberedskapsrådet finn det naudsynt å etablere kriseleiing, vil fylkesrådmannen vurdere å sette i verk kriseleiinga. 
    • Fylkesrådmannen har kontakten med media. 
    • Fylkesrådmannen held fylkesordføraren orientert. 
       
  • Kriseleiar: 
    • Kriseleiaren leiar den operativ handteringa av krisa og rapporterer til fylkesrådmannen.
       
  • Medarbeidarar: 
    ​Kriseleiaren har fylgjande medarbeidarar i kriseorganisasjonen:
    • Operativ medarbeidar: utfører oppgåver for kriseleiaren, etter behov
    • Informasjonsmedarbeidar: førebur informasjonstiltak
    • Personell- og pårørandekontakt: er kontaktperson for pårørande og andre som er råka av krisa
    • Loggførar: fører løpande logg over alle hendingar som bør dokumenterast
    • Driftskoordinator: syter for praktisk tilrettelegging for kriseleiinga når dert gjeld ikt, kriserom, sentralbord, krisetelefonar, mat ol.

Kriseleiaren kallar inn medarbeidarane etter behov. 
I tillegg kan andre medarbeidarar kallast inn når det er naudsynt. 

2.2 Kriserom

Møterommet Sygna skal nyttast som kriserom for kriseleiinga. Rommet skal vere førebudd for dette når det gjeld turvande utstyr og naudstraum. 

2.3 Satelitt-telefonar

Kriseleinga har 2 satellitt-telefonar til disposisjon.
Telefonnr.:
Tel 1: 881631848481
Tel 2: 881631848480
For å ringe til telefonane må ein taste 00 eller + før nummeret.

2.4 Naudstraum

Kriserommet og IKT-tenesta sine rom medrekna tekniske rom er tilkopla naudstraum.

2.5 Øvingar

Kriseorganisasjonen har minst ei øving for året, leia av fylkesrådmannen.

3 Varsling

Når det har skjedd ei uønska hending av betydning eller det er varsla ekstremver så skal fylkesrådmannen orienterast om det omgåande. Fylkesrådmannen vurderer om kriseorganisasjonen skal iverksettast, eller om dette skal handterast gjennom den ordinære linjeorganisasjonen på avdelingsnivå eller institusjons-/skulenivå. 

Ved iversetting av kriseorganisasjonen varslar fylkesrådmannen kriseleiaren om dette.

Kriseleiaren varslar medarbeidarane i kriseorganisasjonen og dei møter snarast mogeleg i kriserommet.

4 Varslingsslister

Varslinga skjer på desse telefonnummera:
(Dersom ein ikkje oppnår kontakt med hovudmedlem så skal avløysar varslast/kallast inn.)
 

Funksjon Hovudmedlem Avløysar Avløysar
Fylkesrådmann Tore Eriksen
415 30 932
Paal Fosdal
906 39 859
Dina Lefdal
957 00 813

Fylkesrådmannen varslar

Funksjon Hovudmedlem Avløysar Avløysar
Kriseleiar Ole Ingar Hagen Hæreid
415 30 954
Tor-Einar Holvik Skinlo
958 39 029
Eli Nes Killingrød
917 10 788

Kriseleiaren varslar

Funksjon Hovudmedlem Avløysar Avsløyar
Operativ
medarbeidar
Ingeborg Fredheim
951 40 622
Reidun L. Fimreite
415 30 973
Endre Høgalmen
952 07 789
Informasjons-
medarbeidar
Ingvild Ramstad
975 14 466
Matias Helgheim
57 63 80 57
Siw Heidi Bäckström
57 63 81 47
Personell- og
pårørandekontakt
Toril Einarsen
415 30 607
Arvid Stenehjem
915 76 880
Inger K. Slinde
977 72 833
Loggførar Siri Merete Nedland
970 30 893
Svein Jarle Svedal
480 05 400
Monica Åsnes
952 07 751
Driftskoordinator Tore Oddvin Stølen
415 30 980
Tom Sølve Myklebust
415 30 977
Øyvind Daae Johansen
917 30 197
Sentralbord-
medarbeidar
Ingrid Rishovd
915 86 943
Sean Sabanovic
950 31 390
 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tore Eriksen
Fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven