Konkurranse

Storleiken på innkjøpet – i pris – avgjer kva reglar som gjeld for det enkelte innkjøp.

Trykk her for å lese om korleis du kan berekne verdien på det du skal kjøpe.

Kjøp under 100 000 kroner

Kjøp under 100 000 kroner eks mva er ikkje regulert av lov eller forskrift (anskaffelsesloven § 2). Tenk likevel på følgende

  • Finst det ein rammeavtale for det du skal kjøpe? Dersom ja – bruk avtalen, du finn han i innkjøpshandboka. Dersom nei -
  • Du kan handle fritt dersom totalsummen for tilsvarande kjøp på eit år for heile kommunen/fylkeskommunen ikkje er høgare enn 100 000 kr eks mva.

Kjøp mellom 100 000 og 1 100 000 kroner

Ver obs på at dei grunnleggande prinsippa gjeld. I fylkeskommunen skal alle kjøp over 500 000 gjerast av innkjøpstenesta.

  • Finst det ein rammeavtale for det du skal kjøpe? Dersom ja – bruk avtalen, du finn han i innkjøpshandboka. Dersom nei – les vidare
  • Spør tre til fire tilbydarar. Talet skal sikre reell konkurranse, men skal heller ikkje fungere slika at det utelukkar nokre få. Viss du ønskjer, kan det lysast ut på Doffin eller annonserast i avis eller liknande.
  • Send ut førespurnad saman med ein enkel kravspesifikasjon for kva du skal kjøpe, og korleis du vil vurdere tilboda. Mal for dette finn du under "Dokument" nedst på sida her.
  • Gje alle same frist for å levere tilbod.
  • Fyll ut protokoll for kjøp mellom 100 000 og 1 100 000 kroner. For fylkeskommunen skal innkjøpstenesta informerast om protokollen, anten via sak- og arkivsystem eller på e-post.
  • For kjøp over 500 000 skal valt leverandør levere skatteattest.
  • Gje ei kort attendemelding til dei leverandørane som har gitt tilbod om kven som har fått oppdraget og kvifor. Gje òg ein kort frist for eventuell attendemelding frå leverandørane.
  • Lagre aktuelle dokument i sak- og arkivsystemet – sjå "Dokumentasjon" under.
  • HUSK: dersom du meiner at kjøpet ditt ligg under eit av unntaka i forskifta, skal likevel protokoll skrivast med grunngjeving for kvifor kjøpet er unntatt regeleverket.

Kjøp over 1 100 000 kroner

Kjøp over 1 100 000 kroner må lysast ut på Doffin. Vi syner elles til rettleiinga for offentlege innkjøp, som Fornyings- og administrasjonsdepartmentet har gjeve ut. Ta kontakt med innkjøpstensta viss du treng hjelp eller har spørsmål.

I fylkeskommunen skal alle kjøp over 500 000 kroner gjerast via innkjøpstenesta.

Dokumentasjon

To av dei grunnleggande prinsippa er sporbarheit og etterprøvbarheit. Har du dokumentert det du har gjort på ein god måte, gir lova og forskrifta stort rom for å handle. Lagre dokumenta i sak- og arkivsystemet etter interne rutinar i verksemda di.

Kjøp gjort i ehandel tilfredstiller krav til dokumentasjon. Kjøp på rammeavtalar treng ikkje dokumenterterast med mindre det vert gjort minikonkurransar.

Mellom 100 000
og 1 100 000 kroner

Over 1 100 000 kroner
Tilbodsførespurnad Konkurransegrunnlag med vedlegg (det oppdaterte etter eventuelle endringar i spørsmål/svar)
Tilboda med vedlegg* Eventuelle spørsmål/svar
Eventuell evaluering(**) Tilboda med vedlegg*
Innstilling av valt leverandør Protokoll frå tilbodsopning
Eventuell kontrakt** Vurdering av kvalifikasjonane til tilbydarane
Protokoll* Evaluering av tilboda(**)
  Innstilling av leverandør
  Eventuell klage og klagehandsaming(**)
  Protokoll*
  Avtale**

* Unntatt offentlegheit fram til valet av leverandør er gjort, jamfør offentleglova § 23, 3. ledd. Forretningsløyndomar er unnteke offentlegheit også etter dette, jf. forvaltningslova § 13, jf. offl. § 13. Totalsum i eit tilbod er vanlegvis ikkje tolka som ei forretningsløydom.

** Forretningsløyndommar er unntatt offentlegheit, jf. fvl. § 13, jf. offl. § 13. Kontrakt er å rekne som ein forretningsløyndom.

(**) Sjå note for **. Her må du vurdere om det konkrete dokumentet inneheld forretningsløyndommar eller ikkje.

Definisjon på forretningsløyndom: "Tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den som opplysningen angår" (kjelde fvl. § 13)

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven