Vindhellavegen i Kongevegen frå toppen.  Den ligg høgt i terrenget, og besto av fire 180 graders svingar, bygd opp av skyhøge steinmurar. Den gamle Kongevegen frå 1793 er synleg mellom slyngane og utanfor traseen.

Foto: Åsne Helleve

Kongevegen over Filefjell

Prosjektet Kongevegen over Filefjell ynskjer å formidle den nasjonalt viktige ferdselshistoria over Filefjell. Strekninga mellom Lærdalsøyri og Vang i Valdres skal settast i stand som tur- og sykkelveg. Vern gjennom bruk, brei verdiskaping og vandreopplevingar for store og små er nøkkelord for prosjektet.

Verdiskaping

Hovudmålet med prosjektet er å legge til rette ein om lag 11 mil lang tur- og sykkelveg mellom Lærdalsøyri i Lærdal kommune og Vang sentrum i Vang kommune. Vegen skal inngå i reiselivssatsinga på begge sider av fjellet, samstundes som ein får dokumentert, tilrettelagt, teke vare på og vedlikehalde ei veghistorisk kulturminne av nasjonal verdi. Gjennom tilrettelegging og formidling skal vegen fremje økonomisk verdiskaping, spesielt i reiselivet, og fysisk aktivitet ved istandsetting og bruk av natur og kulturarven.

Samarbeid

Kongevegen over Filefjell er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane og Oppland fylkeskommune. Det er i tillegg samarbeidsavtale med Lærdal kommune, Vang kommune, Statens Vegvesen, Valdresmusea, Musea i Sogn og Fjordane, Valdres Natur og kulturpark, Valdres Destinasjon ved Tyin, Vang og Filefjell Reiseliv og Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00