www.eid.vgs.no

q 6tu 4xj 2k 5

UKM Sogn og Fjordane 2018, Gloppen kulturskule sitt slagverkensemble Foto: Ida Emile Bruhn Henriksen/ UKM Media, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Felles barn, felles ansvar

Fylkeskommunen arrangerer årleg konferansen "Felles barn, felles ansvar" saman med Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane. I 2018 vert konferansen arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde 20.-21. september.

Kulturskule, UKM og DKS er tre offentlege ordningar som bidreg positivt i barn og unge sitt oppvekstmiljø.

Tema på årets konferanse er korleis vi kan løfte i lag og få til gode satsingar og prosjekt på tvers av desse ordningane. Både KS og ordførarar frå kommunar i fylket skal få seie sitt om dette. I tillegg blir det presentasjon av prosjekt og satsingar i ulike kommunar.

Det blir også visning av produksjonar som skal på turné i DKS skuleåret 2018/2019. Nokon blir vist om kvelden dag 1, medan andre i ein eigen parallellsesjon for DKS dag 2.

Samtidig med DKS-sesjonen dag 2 vil det også vere sesjonar for UKM og kulturskuletilsette. Lokalkontaktane for UKM får vere med på ein verkstad om korleis få til UKM Media i kommunane. Ressurspersonar i arbeidet med UKM Media nasjonal vil halde verkstaden. Tilsette i kulturskulane kan velje mellom sju ulike parallellar med tema alt frå arrangering for samspelgrupper til lokalt læreplanarbeid.

Heile programmet og praktisk informasjon om konferansen finn du her

Målgrupper

Målgruppene for konferansen er

Torsdag:

  •  Politikarar
  •  Administrativ leiing i kommunane
  •  Rektorar i grunnskule og kulturskule
  •  Lokalkontaktar for UKM
  •  Kommunekontaktar for DKS

Torsdag frå kl. 17.30 og fredag:

  •  DKS-kontaktane på skulane
  •  Kommunekontaktar for DKS
  •  Lokalkontaktane i kommunane
  •  Kulturskuletilsette
  •  Distriktsmusikarar
  •  Rektorar i grunnskulen

Prisar og påmelding

DKS-kontaktar på skulane og UKM-kontaktane i kommunane

  • Deltaking frå torsdag kl. 11:00, overnatting i enkeltrom, inkl. alle måltid: kr 800,-.
  • Deltaking frå torsdag kl. 11:00, overnatting i dobbeltrom, inkl. alle måltid: kr 700,- pr. person
  • Deltaking frå torsdag kl. 17:30, overnatting i enkeltrom: kr 600,-.
  • Deltaking frå torsdag kl. 17:30, overnatting i dobbeltrom: kr 550,- pr. person.
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj, middag: kr 500,-.
  • Dagpakke fredag inkl. lunsj: kr 300,-.
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj og middag og fredag inkl. lunsj: 800,-.

Tilsette i kulturskulane og andre

  • Deltaking frå torsdag kl. 11:00, overnatting i enkeltrom, inkl. alle måltid: kr 2400,-.
  • Deltaking frå torsdag kl. 11:00, overnatting i dobbeltrom, inkl. alle måltid: kr 2000,-. pr. person.
  • Deltaking frå torsdag kl. 17:30, overnatting i enkeltrom: kr 2100,- pr. person.
  • Deltaking frå torsdag kl. 17:30, overnatting i dobbeltrom : kr 1700,- pr. person.
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj, middag: kr 1300,-.
  • Dagpakke fredag inkl. lunsj: kr 1000,-.
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj og middag og fredag inkl. lunsj: kr 2300,-.

Avbestilling etter 25. august vil bli fakturert fullt ut. 

Påmelding

Påmeldingsfrist er 20. august 2018. 

Gå til påmeldingskjema

 

logo_fellesbarn-fellesansvar.jpg

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker