Foto som syner dansegruppa Aladdin

Dansegruppa Aladdin'Squad under UKM 2017. Foto: Martha Linnea Pukallus

Felles barn, felles ansvar

Fylkeskommunen arrangerer årleg konferansen "Felles barn, felles ansvar" saman med Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane. I 2017 vart konferansen arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde 14. og 15. september.

Presentasjonar frå Felles barn, felles ansvar 2017.

"Felles barn, felles ansvar" skal vere ein møteplass for alle som arbeider med kulturformidling til barn og unge.

Årets konferanse er prega av at Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken (DKS) er slått saman til Kulturtanken. Vi deler nokre tankar om kva dette betyr for oss som jobbar med dette og har med oss deltakarar frå både UKM Norge og Kulturtanken.

Eit anna tema på årets konferanse er korleis vi kan løfte i lag og få til gode satsingar og prosjekt i kommunane. Vi får gode døme frå kommunar i fylket.

Det vert også parallellsesjonar på dag to av konferansen, der ein kan velje å delta på sesjonar om UKM, DKS eller kulturskule.

Heile programmet og praktisk informasjon om konferansen finn du her.

Målgrupper

Målgruppene for konferansen er

  • DKS-kontaktane på skulane og i kommunane
  • UKM-kontaktane i kommunane
  • tilsette ved kulturskulane
  • elles alle interesserte

Prisar og påmelding

DKS-kontaktar på skulane og UKM-kontaktane i kommunane

  • Overnatting i enkeltrom torsdag–fredag inkl. måltid og kulturprogram: 900 kr
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj, middag og kulturprogram: 500 kr
  • Dagpakke fredag inkl. lunsj: 300 kr

Tilsette i kulturskulane og andre

  • Overnatting i enkeltrom torsdag–fredag inkl. måltid og kulturprogram: 2300 kr
  • Dagpakke torsdag inkl. lunsj, middag og kulturprogram: 1200 kr
  • Dagpakke fredag inkl. lunsj: 900 kr

Du finn fleire detaljar om prisar i påmeldingsskjemaet.

Påmelding

Fristen for å melde seg på var 20. august.

Gå til påmeldingsskjemaet.

 

logo_fellesbarn-fellesansvar.jpg

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00