Foto av musikkgruppa Bart Clavier. Dei poserer ute med fjell og kvit himmel i bakgrunnen. Det er tre menn og ei kvinne som held og spelar på ulike instument.

Musikarane i Bart Clavier er utdanna innan musikk, musikkterapi og musikkpedagogikk, noko som fargar prosjektet deira. Dei ønskjer å engasjere publikum, ha dei med som deltakarar i musiseringa og dermed viske ut skiljet mellom artistar og konsertdeltakarar. (Pressefoto).

Konferansar om Den kulturelle spaserstokken

På nyåret inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til gratis konferansar om Den kulturelle spaserstokken i både Sogndal og Førde. Her vert det lagt opp til både inspirasjon og dialog om vegen vidare for spaserstokken her i fylket.

Konferansen i Førde vert torsdag 18. januar på Scandic Sunnfjord Hotel, medan konferansen i Sogndal vert fredag 19. januar på Quality Sogndal Hotel. Målgruppene er dei som jobbar med kultur, folkehelse, frivilligsentralar og pleie- og omsorg, pensjonistlag, eldreråd i kommunane og kunst- og kulturformidlarar.

Du kan sjå heile programmet for konferansane heilt nedst på denne sida.

Frå døme til dialog og oppleving

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning for kulturformidling til eldre. Kommunane kan søkje på midlane, og fylkeskommunen fordeler kvart år nærare ein million kroner til ordninga.

Eva Marie Halvorsen, tidlegare dekan ved Høgskulen på Vestlandet, er ein av innleiarane på konferansen, og ho vil snakke om kultur og livskvalitet. Det vert også døme på korleis kommunane jobbar med spaserstokken i dag, og både Gaular kommune og Fjell kommune i Hordaland deler erfaringar.

Mot slutten av dagen er det lagt opp til dialog om kva vi vil med Den kulturelle spaserstokken i Sogn og Fjordane i framtida, og deltakarane får ikkje minst høve til å oppleve gruppa Bart Clavier. Gruppa har i fleire år no hatt konsertar på institusjonar rundt om i landet og kallar konsertane sine «musikalske møte med meining». Du kan lese meir om Bart Clavier på heimesida deira.

Påmelding

Program

Kl. 9.30 Registrering
Kl. 10.00 Opning v/ Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør og Karen Marie Hjelmeseter, leiar for hovudutval for næring og kultur
Kl. 10.10 Den kulturelle spaserstokken i Sogn og Fjordane v/ Jorunn Bakke Nydal
Kl. 10.40 Gaular kommune Sareptas krukke, v/ Magne Vivelid, Gaular frivilligsentral
Kl. 11.15 Pause
Kl. 11.30 Kultur og livskvalitet, v/ Eva Marie Halvorsen, tidl. dekan ved Høgskulen på Vestlandet
Kl. 12.15 Lunsj
Kl. 13.00 Fjell kommune. Samarbeid med institusjon og Den kulturelle spsaserstokken, v/ Guro Gjemstad Dypvik, musikkterapeut
Kl. 13.20 Museum, ein ressurs?
Kl. 13.50 Pause
Kl. 14.00 Dialog. Kva vil vi med spaserstokken i Sogn og Fjordane?
Kl. 14.45 Bart Clavier - "Vår beste dag - musikalske møter med mening"
Kl. 15.15 Oppsummering
Kl. 15.30 Slutt

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00