www.eid.vgs.no

Kommuneretta næringsarbeid

Næringsutvikling i kommunane er eit viktig satsingsområde, og kommunane er ein svært sentral samarbeidspart for fylkeskommunen.

Vi jobbar mellom anna med kommunretta næringsarbeid gjennom kommunale næringsfond, omstillingsarbeid og Tiltaksforum:

Kommunale næringsfond

Midla skal hjelpe kommunane til å vere gode støttespelarar for etablerarar og lokalt næringsliv.

Fylkeskommunen tildelar midlar til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane. Tildeling av midlar for 2017 vart gjort av hovudutval for næring og kultur 7. mars.

Retningsliner for kommunale næringsfond

Kurs i sakshandsaming

I 2017 heldt fylkeskommunen og Innovasjon Norge kurs i sakshandsaming for førstelinetenesta i kommunane, for å sikre god kvalitet i sakshandsaminga og gjere gjeldande regelverk godt kjent for kommunane. Det er krav til kommunane som forvaltar kommunale næringsfond om at tilsette skal ha nødvendig kompetanse, det er også krav til sakshandsaming og kunnskap om regelverk.

Presentasjonar frå kurset

Omstillingsarbeid i kommunane

Omstillingsarbeid er eit breitt sett av offentlege tiltak retta mot ein kommune eller eit geografisk område.

Det som kjenneteiknar omstillingskommunar er at dei opplever stor nedgang i sysselsetjinga som eit resultat av nedskjeringar på ein stor arbeidsplass i kommunen.

Omstillingskommunar kan ofte vere svært sårbare med omsyn til avhengigheit til ein stor arbeidsplass. Også område med særskilde og langsiktige problem i samband med omstrukturering i næringslivet, kan vere aktuelle for omstillingsstatus.

Sjekk også ut nettsida regionalomstilling for nyttige tips om sakshandsaming og utviklingsarbeid.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Endre Høgalmen
Ass. fylkesdirektør
endre.hogalmen@sfj.no
952 07 789

Lars Hustveit
Fagkoordinator
Lars.Hustveit@sfj.no
415 30 972

Adrian Husabø Bjørseth
Rådgjevar

Adrian.Husabo.Bjorseth@sfj.no
​902 47 175

Relaterte lenker