Utsnitt av Leikanger kommune sin kommuneplan

Kommuneplan

Kommuneplanen skal ta i vare både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgåver i kommunen.

Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen skal ta i vare både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgåver i kommunen. Den skal ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og legge retningsliner og pålegg frå statlege og regionale mynde til grunn.

Kommuneplanen skal som del av samfunnsdelen ha ein handlingsdel. Handlingsdelen skal innehalde eit handlingsprogram for å gjennomføre kommuneplanens samfunnsdel for dei fire følgjande budsjettår eller meir.

Sogn og Fjordane fylkeskommune føl opp kommunane sitt arbeid med kommuneplanar på fleire måtar. Gjennom fylkesspegelen legg vi til rette etterspurd statistikk i ei form det er lett for kommunane å bruke, særleg ved arbeid med kommunal planstrategi, kommuneplanen sin samfunnsdel. Regionalt planforum er ein uformell møtestad for drøfting av alle typar planar etter plan- og bygningslova. Vi kjem og med fråsegn til både samfunnsplanar og arealplanar. Ved førespurnad, gjerne tidleg i prosessen, har vi og besøkt kommunanene og hatt møte med administrasjon og politikarar for å gje innspel til arbeidet, særleg knytt til prosess og medverknad.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Torbjørn Hasund
Rådgjevar
Torbjorn.Hasund@sfj.no
930 04 685

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette