Kommuneøkonomi

Driftsresultatet i kommunane

Sentrale økonomiske hovudtal viser at kommunane i Sogn og Fjordane i sum har ein noko mindre robust økonomi enn landsgjennomsnittet. Det er særleg negativ folketalsutvikling, gjeldsutvikling og låge disposisjonsfond som skil seg ut. Utviklinga viser at fylket i 2009 og 2010 var betre enn landssnittet når ein samanliknar konserntala, og i 2011 var fylket omtrent likt med landet. Dette har endra seg negativt frå 2012. I fylket vårt er det store ulikskapar mellom kommunane sin økonomi. Dette kjem først og fremst som følgje av eit ulikt inntektsgrunnlag, særleg frå avgifter og skattar frå naturressursar.

Netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene viser kva kommunane har att etter at tenester og netto finansutgifter er dekte, og kan enten nyttast til investeringar eller avsetjingar til seinare bruk. Det er viktig at kommunane gjennom eit positivt netto driftsresultat kan byggje opp framtidige reservar (buffer), for å eventuelt møte uføresette utgifter eller reduserte inntekter. Mål på ein sunn økonomi er eit netto driftsresultat på minst 3 %, då vil kommunen ha rom for vedlikehald av formuen.

Driftsresultatet i kommunane. Kjelde: ?

I 2013 hadde 23 kommunar eit positivt netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter. Det er betre enn i 2012, då talet var 20 kommunar. For 2011 var talet 16. Årsaka til dette er delvis eit sterkare netto finansresultat siste åra, særleg for dei kommunane som hadde plasseringar i verdipapirmarknaden. Det er store variasjonar mellom kommunane, t.d. hadde Aurland eit resultat på 8,1 %, medan Naustdal hadde svakast resultat på – 1,6 %.

Det var 11 kommunar som hadde eit akkumulert underskot i balansen i 2013, mot ni i 2012. Fire kommunar var per 31.12.2013 registrerte i Robek-registeret, mot tre i 2012.

Svakare likviditet i kommunane

Likviditeten er i gjennomsnitt noko svakare for vårt fylke enn landet, sjølv om differansen mot landsgjennomsnittet er betra i 2013. Det er her og store variasjonar mellom kommunane. Leikanger har ein arbeidskapital på 49,5 % og Hornindal 42,7 %, medan Selje ligg på 1,3 % av driftsinntektene. Dei to kommunane som tapte pengar på plasseringar i Terra har negativ arbeidskapital, Bremanger – 40,2 % og Vik – 14,8 %. Ein kommunane hadde kassakredittlån ved siste årsskifte.

Lånegjeld i kommunane

Langsiktig gjeld i kommuane. Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Kommunane i fylket har lågare lånegjeld enn gjennomsnitt for landet, når ein legg konserntala til grunn. For kommunerekneskapa (eks. KF og IKS) viser tala at i gjennomsnitt ligg kommunane våre over landssnittet i gjeld samanlikna med inntektene. I 2009 låg fylket høgare enn landet, men dette endra seg i 2010. Konserntala viser at fylket utviklar seg positivt i forhold til utviklinga på landsbasis siste åra. Det er store forskjellar mellom kommunane i fylket. Førde har ei gjeld som er 138,1 % og Hornindal 120,4 % av driftsinntektene, medan Gulen ligg på 39,6 %. Det er òg ei utvikling at kommunane betalar prosentvis lågare avdrag i høve til gjelda, noko som betyr at lån blir seinare nedbetalt og sum renteutgifter aukar. Rentenivået har vore lågt dei siste åra. Ei auke i renta, betyr at kommunar med høg gjeld vil merke det mest gjennom at det blir mindre å bruke til tenester for innbyggjarane.

Har kommunane noko i reserve?

Disposisjonsfond. Kjelde: Fylkesmanne i Sogn og Fjordane

Disposisjonsfonda i kommunane er oppsparde midlar som fritt kan nyttast til finansiering av drifta og investeringar. Ved å undersøkje dette, kan vi seie noko om storleiken på økonomisk buffer kommunen har for sin løpande drift. Kommunane i Sogn og Fjordane har i perioden hatt ein lågare økonomisk buffer enn gjennomsnittet for landet. Normtal for ein tilstrekkeleg økonomisk buffer er sett til 5 % av driftsinntektene. Etter ei positiv utvikling i 2010, vart storleiken på disposisjonsfond samanlikna med driftsinntektene redusert i 2011 og 2012, men visar ei auke siste året. Ved utgangen av 2013 var det 11 kommunar i fylket som ikkje hadde disposisjonsfond, to meir enn i 2012. Det er her også store forskjellar mellom kommunane. Hornindal har slike fond med 18,9 % av driftsinntektene og Leikanger 16,6 %. Kommunane Hyllestad, Høyanger, Vik, Lærdal, Årdal, Askvoll, Gaular, Naustdal, Bremanger, Vågsøy og Selje har ikkje slike fond.

Inntektssystemet

Folketal og inntektssystem. Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og FjordaneSkattar og rammetilskot (frie inntekter) utgjer om lag 75 % av kommunane sine samla inntekter. Utviklinga av folketalet har mykje å bety for storleiken og utviklinga av dei frie inntektene. Noko forenkla kan dette framstillast slik at skal ein kommune fullt ut ta del i den nasjonale veksten i frie inntekter, så må folketalet minst utvikle seg på landsgjennomsnittet.

For Sogn og Fjordane er biletet, slik som vist på figuren, for dei siste fem åra.

Vekst i folketalet for landet i perioden 2009 – 2014 var 6,59 %, Sogn og Fjordane 2,36 %. To kommunar i fylket (Sogndal 9,40 % og Førde 7,15 %) hadde ein vekst som var større enn landsgjennomsnittet. 15 kommunar låg mellom 0 og landsgjennomsnittet, og ni hadde nedgang.

 

Relevante lenkjer:
Kostra
Statistikkbanken

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette