www.eid.vgs.no

Klimatilpassing

Klimatilpassing handlar om å redusere eller unngå negative konsekvensar knytt til klimaendringane, og å utnytte eventuelle fordelar.

Klimaendringar kjem til å påverke mange av kommunane sine oppgåver, og føresetnadane for korleis vi løyser desse oppgåvene. Det vil påverke kvar vi bygger og bur, korleis vi løyser transportbehova våre, og kva og korleis vi produserer varer og tenester. Då står ei god og heilskapleg planlegging heilt sentralt på vegen mot eit klimatilpassa samfunn. For å redusere eller unngå desse negative konsekvensane vert det viktig å vere godt budd.

Klimautfordringar som ein må planlegge kring er m.a. aukande temperaturar, meir nedbør, endra vekstsesong, flaum, fukt og råte, ras, stormflo, vind og auka havnivå.

Tilpassing femnar mellom anna om å tileigne seg kunnskap om framtida sitt klima, slik at måten ein løyser utfordringane på i dag blir innretta etter denne nye kunnskapen. Kor store konsekvensar klimaendringane vil ha for natur og samfunn, vil vere avhengig av kor mykje klimaet faktisk endrar seg og kor god samfunnet si evne til å tilpasse seg er.   

Planstaben fokuserer på å få klimaomsyn og klimatilpassing inn utforminga av nye fylkeskommunale planar, og å sette fokus på dette i arbeidet med kommunale planar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

Relaterte lenker

Eksterne lenker