Klimastipend for lærarar

Lærarar som tek vidareutdanning i naturfag, med vekt på klima, energi og miljø, kan no søkje om eit klimastipend på 5000 kr hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Gjennom Høgskulen i Sogn og Fjordane kan ein ta vidareutdanning i naturfag, med vekt på klima, energi og miljø. Dersom du er ein lærar i grunnskulen eller i vidaregåande skule, og som har interesse for klima- og miljøspørsmål, er dette ei utdanning for deg!

Sogn og Fjordane fylkeskommune oppmodar lærarar til å ta denne vidareutdanninga, og ynskjer å bidra til at fleire søkjer. Det er difor oppretta eit klimastipend, som lærarar kan søkje på.

Studiet er samlingsbasert, med 4-5 samlingar per semester. Sjå nettsidene til Høgskulen i Sogn og Fjordane for meir informasjon om studiet og søknad

Sogn og Fjordane fylkeskommune har lagt til rette for at lærarar som gjennomfører dette studiet skal kunne få eit økonomisk tilskot. Lærarar kan søke fylkeskommunen om stønad når dei har søkt på studiet. Det er sett av 50 000kr til eit klimastipend for lærarar som ynskjer å vidareutdanne seg innan klima og miljø. Det vert utbetalt 5000 kr til totalt 10 søkjarar.

Vidareutdanning i naturfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

10 lærarar får 5000 kr i klimastipend.

Slik går du fram:

  • Søk på vidareutdanninga gjennom Høgskulen i Sogn og Fjordane sine sider innan 15. mai.

  • Søk til Sogn og Fjordane fylkeskommune om klimastipend for lærarar. Søknad sendast til postmottak.sentraladm@sfj.no, og merkast med saksnummer 16/3201 og Mie Dahl Pind

  • Søknaden blir behandla, og du får svar.

  • Fullfør eksamen i Naturfag 1, 1-13, med fokus på klima, energi og miljø.

  • Sender inn kopi av vitnemål til Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Får utbetalt 5000 kr.

Om studiet:

Studiestad: Sandane
Studielengd: 1 år deltid
Studiepoeng: 30
Nivå/grad: Vidareutdanning
Opptakskrav: Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Studiekode (HISF): 216 1599

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mie Dahl Pind
Rådgjevar, klima og miljø
Mie.Dahl.Pind@sfj.no
45118231

 

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven