www.eid.vgs.no

Klagegang

For at tannhelsetenesta skal vere best mogleg, er det viktig at vi får tilbakemelding dersom du ikkje er nøgd med arbeidet vi gjer.

Har du noko å klage på i samband med service, informasjon eller behandling på klinikken, bør du ta det opp direkte med vedkomande som behandla deg. Dersom de saman finn ei løysing du er nøgd med, vert saka avslutta.

Er det vanskeleg å løyse saka på denne måten, kan du klage skriftleg til direktør for tannhelsetenesta.

Dersom du ikkje er nøgd med direktør for tannhelsetenesta si handsaming av saka, kan du klage vidare til helsetilsynet i Sogn og Fjordane (Fylkesmannen). Frist for å klage vidare er tre veker. Klage til helsetilsynet (Fylkesmannen) skal vere skriftleg. Klagen skal vere underteikna av deg eller ein som representerer deg og skal innehalde det tilhøvet du klagar på og opplysningar du meiner har noko å seia for handsaminga av klagen.

Dersom du meiner at du ikkje får dei tenestene du har krav på etter lov om tannhelsetenesta, kan du klage til fylkesutvalet. Er du ikkje nøgd med avgjerda her, kan du klage vidare til helsetilsynet.

Merk at denne klageordninga berre gjeld offentleg tannhelsepersonell. Klage på private tannlegar og private spesialistar skal sendast lokalt helsetilsyn (Fylkesmann):

Informasjon om klager til helsetilsynet

Dersom den private tannlegen er medlem av Den norske tannlegeforening kan klagen sendast den lokale klagenemnda. Informasjon om denne ordninga finn du her:

Informasjon om klageordning Den norske tannlegeforening

Kontaktinformasjon til lokale klagnemnder

Lover som omhandlar pasientrettar

Dei viktigaste lovene er:

  • Lov om tannhelsetjenesten av 3. juni 1983 nr. 54
    Lova slår fast Fylkeskommunen sitt ansvar for tannhelsetenesta. Retten til naudsynt tannhelsehjelp går fram av § 2-1 i denne lova, og reglar om klage i § 2-3.
  • Lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63
    Denne lova gjev også pasientane i tannhelsetenesta rettar. Mellom anna rett til medverknad og informasjon, § 3-1, og rett til journalinnsyn, § 5-1. Etter denne lova kan ein, etter nærare reglar, be Helsetilsynet i fylket vurdere mulege pliktbrot, § 7-4. Denne lova gjeld i tilfelle der ein meiner helsepersonellova sin reglar er brotne til ulempe for seg.
  • Lov om helsepersonell m.v. av 2. juli 1999 nr. 64
    Tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar ein kjem i kontakt med er underlagt reglane i denne lova. Lova har ma. pålegg om krav til forsvarleg yrkesutøving, teieplikt og dokumentasjonsplikt.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Direktør for tannhelse- tenesta
Askedalen 2
6863 Leikanger

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane
Njøsavegen 2
6863 Leikanger

Fylkesutvalet
Fylkeshuset
Askedalen 2
6863 Leikanger

Relaterte lenker