Eid vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Klage på vurdering

Klage på vurdering

Elevar kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet, det vil seie standpunktkarakterar, orden- og åtferdskarakterar og eksamenskarakterar.

Gå rett til:

Klagefrist

Det er ti dagar klagefrist på standpunktkarakter og eksamenskarakterar. Fristen vert rekna frå det tidspunktet du er blitt kjend med eller burde gjort deg kjend med karakteren.

Ny eksamen

Viss karakteren blir uendra og du ikkje er nøgd med den, kan du ta melde deg opp i faget som privatist. Dette gjer du på PrivatistWeb.

Regelverk

Detaljar i regelverket om klage på vurdering finn du i forskrifta til opplæringslova: Kap. 5 Klage på vurdering

​Skriftleg eksamen (sentral- og lokalgitt)

Kva kan du klage på?

På skriftleg eksamen kan du klage på både faglege og formelle feil. Ved klage på skriftleg eksamen, treng du ikkje grunngi klagen.

Før du klagar

Viss du vurderer å klage, kan du først be faglærar om å vurdere karaktersettinga.

Korleis klagar du?

Ved klage på skriftlege eksamenar nyttar du skjema for klage på vurdering. Klagen skal sendast på e-post eller per post til skulen v/rektor.

Det finst ei hurtigklageordning for avgangselevar. Ordninga gjer at avgjerda kjem tidleg nok til at vitnemålet rekk å bli retta opp med eventuelt ny karakter før universitet og høgskular hentar  opp vitnemålet elektronisk. Detaljert informasjon om hurtigklagefrist får du ved å ta kontakt med kontoret på eige skule. 

Kven handsamar klagen?

Klageinstansen for vurdering av skriftleg sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd som vert oppnemnd av Fylkesmannen.

Klageinstansen for vurdering av skriftleg lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd som vert oppnemnd av fylkeskommunen etter retningslinjer frå Fylkesmannen.

Klageresultat

Klagenemnda skal avgjere om karakteren ved ordinær sensur er urimeleg. Dersom nemnda meiner det, vil dei setje ny karakter som er betre eller dårlegare. Nemnda vil gi ei skriftleg grunngiving for klageresultatet.

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen / standpunktvurdering / vedtak om ikkje gitt standpunktvurdering

Kva kan du klage på?

På ikkje-skriftlege eksamenar, standpunktvurdering og vedtak om ikkje gitt standpunktvurdering kan du berre klage på formelle feil. Sjå meir i forskrifta for opplæringslova: Kap. 5 Klage på vurdering.

På førehand

Viss du vurderer å klage, bør du snakke med faglærar først for å gå gjennom karaktersetjinga. Innanfor klagefristen kan du krevje grunngiving for karakterar i fag der det blir halde munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar, karakter for praktisk eksamen eller standpunktkarakter i orden og i åtferd. Sensor eller ein lærar som har vore med og fastsett karakteren skal gi grunngivinga.

Du kan krevje grunngiving om du ikkje får standpunktkarakter eller får bestått som standpunktkarakter.

Korleis klagar du?

Ved klage på ikkje-skriftlege eksamenar, standpunktvurdering og vedtak om ikkje gitt standpunktvurdering nyttar du skjema for klage på vurdering. Send klagen til rektor på skulen på e-post eller per post.

Kven handsamar klagen?

For klage på ikkje-skriftlege eksamenar, standpunktkarakter og vedtak om ikkje gitt standpunktkarakter, skal faglærar og rektor skrive ei uttale basert på klagen. Klagen vert handsama av fylkesdirektøren for opplæring.

Klageresultat

Viss du ikkje får medhald vert opphaveleg karakter ståande. Viss du får medhald, skal rektor setje karakter på nytt. Den nye karakteren kan bli den same som opphaveleg, eller endra. Du kan ikkje klage på resultatet på klagen.

Privatist

Klager på privatisteksamen skal sendast til Eksamenskontoret. Link til skjema finn du her.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Dersom du har spørsmål som gjeld klage på standpunktkarakter, ta kontakt med rektor på skulen.

Relaterte lenker